Evaluering TØRN

Arbeidsgruppene og styringsgruppa for TØRN prosjektet var samla sist veke for å evaluere prosjektperioden og legge kursen for vidare arbeid.

Her frå evalueringsmøtet TØRN sist veke, her legg prosjektrådgjevar TØRN Anna Klette Steinsland fram rapporten frå evalueringa. Ingebjørg R. Gjerde

Gjennomgangen synte at det hadde vore gode resultat på fleire områder, mellom anna store endringar i arbeidstidsordningar som årsturnus og bruk av langvakter, høgare gjennomsnittleg stillingsstorleik i alle avdelingar, betre dekning på helg mv.

No som prosjekt perioden er over er det viktig å sikre dei forbetringane som er gjennomført og sette nye mål for forbetringsarbeidet framover. 

Det er lagt ned eit betydeleg innsats frå tilsette, leiarar, tillitvalde og verneombod i perioden og  me gratulerer med gode resultat og heier vidare på det gode utviklings og forbetrings arbeidet som skal skje vidare framover.

Du kan lesa meir om TØRN prosjektet her på KS sine nettsider