Erfaringsdeling om velferdsteknologi

Måndag 25.09.23 var avdelingsleiarar i institusjon, einingsleiar institusjon, rådgjevar helse og omsorg og rådgivar i prosjekt TØRN helse og omsorg på erfaringsdeling på Randaberg i samband med utvikling av velferdsteknologi.

Annelin Bauge

Vindafjord Kommune ser på vidareutvikling av dette og i institusjon, og då er det bra med erfaringsdeling. På samlinga var det fokus på ei digital tavle som i større grad kvalitetssikrar arbeidet tilsette gjer i tenesta opp mot den enkelte bebuar og deira behov.

Med oss var prosjektleiar i velferdsteknologi på Randaberg, to avdelingsleirar og to tilsette frå Atea, som er leverandør av produkt.

Det var ein vellukka og god dag på Randaberg ,ed mykje god erfaringsdeling. Annelin Bauge