Ellen Kristine visste tidleg at ho ville jobba med helse og menneske

Ellen Kristine Frøland er frå Vats og jobbar på Ølen omsorgssenter. — Etter vidaregåande fann eg raskt ut at eg ville jobbe med helse og menneske. Det kjennest meiningsfullt, fortel ho.

Ellen Kristine i sjulepleiaruniform som gjer ulike oppgåver på omsorgssenteret - Klikk for stort bileteEllen Kristine visste tidleg at ho ville jobba innan helse. Kristine Thorsen Eikeland

Som sjukepleiar på Ølen omsorgssenter set ho stor pris på det varierte arbeidsmiljøet og dei mange spennande utfordringane.

— Det er ein sosial og aktiv jobb, der du får vere med på alt som skjer. Eg liker å utvikle meg, lære meir og ta ansvar, seier ho.

Ellen Kristine i sjulepleiaruniform som gjer ulike oppgåver på omsorgssenteret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Dagar fylt med latter, omsorg og glede

Ellen Kristine samanliknar arbeidet på omsorgssenter med å jobbe på eit lite sjukehus.

Mange av bebuarane har samansette sjukdomsbilde, og oppgåvene spenner frå medisinsk behandling til omsorgsarbeid.

— Dette er ein sårbar fase av livet for mange. Då er det ekstra givande å kunne gjere kvardagen litt enklare for dei.

Det handlar om å møte dei der dei er, uansett om dei slit med kognitiv svikt eller andre utfordringar.

— Likevel er dagane fylt med latter, omsorg og glede, forklarer ho.

For ho er det viktig å bidra til at bebuarane har ein god kvardag, og det er tydeleg at innsatsen vert sett pris på.

— Dei er alltid glade for å sjå oss, og det varmar å vite at me kan gjere ein forskjell.

Ellen Kristine i sjulepleiaruniform som gjer ulike oppgåver på omsorgssenteret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

 

 

Ellen Kristine målar blodtrykk - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Tryggleik og stabilitet

Ellen Kristine trekkjer også fram tryggleiken og stabiliteten i jobben.

— Det er ein trygg og stabil arbeidsplass med mange spennande oppgåver. Eg føler meg heldig som har kollegaer som brenn for å leggje til rette for god livskvalitet. Me har eit dyktig team som gjer dagane betre for andre, seier ho.

For Ellen Kristine er sjukepleiaryrket meir enn berre ein jobb – det er ein moglegheit til å vere der for andre i små og store augeblinkar, og til å stadig utvikle seg både fagleg og personleg.

Har du lyst på ein spanande jobb som sjukepleiar med utviklingsmoglegheiter?

Då er dette plassen for deg!

Ølen omsorgssenter kan blant anna tilby:

  • Årsturnus
  • Rekrutteringstillegg for institusjon
  • Kompetanseheving med lønn og stipend
  • Helgeavtale (fleire helgetimar = kompensasjon i form av kroner og øre)
  • Langvakter
  • Gratis parkering og lite kø på veg til jobb
  • Gode kollegaer

Ledig stilling her