Ekstra vaksinedag 15. januar

Dose 3 med koronavaksine til alle over 18 år innan midten av januar er målet. Dessutan vil alle skule- og barnehagetilsette bli prioriterte uansett alder. Laurdag 15. januar blir det vaksinering i både Skjold Arena og Ølen kulturhus.

Wilfried Pohnke, Pixabay

Vindafjord kommune tar utfordringa frå regjeringa, og har som mål om å vaksinera alle over 18 år innan midten av januar. Dette gjelder dei som innfrir intervallet  på 20 veker mellom dose 2 og dose 3.

– Me har dessutan fått i oppgåve å prioritera lærarar og barnehagetilsette. Desse er oppfordra til å setta seg opp neste veke på den ekstra Moderna-dagen. Oppfordringa gjeld nå alle skule- og barnehagetilsette uavhengig av alder (18-65 år). Det blei først meldt at dose 3 var for dei i aldersgruppa over 45 år, men vaksineringa gjeld nå alle, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Meir Moderna framover

Vaksinekontoret opplever framleis at ein del er skeptiske til å blanda vaksiner om ein til dømes har fått Pfizer (Corminary) første gang og nå får tilbod om Moderna (Spikevax).

– Dette føler me er i ferd med å løysa seg  etter meir tilgjengeleg forsking som seier at det går fint å blanda vaksinetypar. Eit stort tall i helsetenesta har allereie valt Moderna-vaksinen som 3. dose hos oss, seier Økland.

Vindafjord kommune har fått beskjed om at me vil få tilsendt meir modernavaksiner framover. Som tidlegare nemnt har me ikkje klare anbefalingar om bestemt vaksinetype hos oss. Om folk ønskjer ein bestemt vaksinetype, må dei gi beskjed til vaksinekontoret på førehand. Det kan medføra at vaksinetimen din må bookast om.

Treng personell til ekstra vaksinedag

– Me planlegg  ein ekstra vaksinedag  laurdag 15. januar. Denne dagen vil det bli vaksinering på Skjold Arena i tillegg til Ølen kulturhus. Dette betyr ei større mobilisering av folk. Me har blant anna bedt Forsvaret om hjelp, og Heimevernet har sagt seg villig til å bidra, fortel Økland.

Ho oppmodar helsepersonell både internt og eksternt som har lyst til å vera med 15. januar om å ta kontakt på vaksinekontoret@vindafjord.kommune.no. Det er mellom anna behov for sjukepleiarar og vaksinatørar.

Dei som er sett opp på vaksinetime etter 15. januar og innfrir intervallet, vil få framskunda timen sin i høve til næraste bustad.

Send e-post og bruk Remin

– Me har enorm pågang på telefon for tida. Det er ein klar fordel at publikum rettar spørsmål til oss på e-post. Me har god kapasitet på e-posten der fleire personar svarar fortløpande. Det er dessutan viktig at alle brukar Remin.no til timebestilling. Det er unødvendig å sitta i lang telefonkø når du kan bestilla time sjølv med få tastetrykk, seier Økland.

Om du ikkje får bestilt time, kan det vera at intervallet er for tidleg. Det ligg ei sperre som gjer at du ikkje kan bestilla om det er kortare tid enn 20 veker sidan du fekk dose 2.