Drop-in oppfriskingsdose av koronavaksine

Personar på 75 år og eldre, samt bebuarar på sjukeheim, blir anbefalt ny oppfriskingsdose av koronavaksine. Tre torsdagar etter påske har vaksinekontoret ope for drop-in. 

Wilfried Pohnke, Pixabay

Møt opp utan avtale

Følgjande torsdagar i april, kan personar på 75 år og eldre, møta opp på vaksinekontoret i Ølen utan avtale:

  • Torsdag 13. april
  • Torsdag 20. april
  • Torsdag 27. april

Vaksinekontoret er ope mellom klokka 09.00 – 15.00.


Lokalene ligg på baksida av Ølen omsorgssenter, adresse Rådhusplassen 32.

Oppfriskingsdose til dei eldste

Overvåkning av vaksinasjon mot covid-19 viser at dei fleste i aldergruppa 75 år og eldre som har tatt 4.dose, blei vaksinert i fjor sommar og tidleg haust. Sidan det er dei eldste som er mest utsett for alvorleg sjukdom, og effekten mot alvorleg sjukdom avtar noko over tid, meiner FHI det er grunn til å anbefala aldergruppa 75 år og eldre ein ny dose no. Dette vil gjera dei betre rusta mot ein eventuell ny smittetopp i perioden fram mot neste vintersesong.

Oppfriskingsdosen av koronavaksine er særleg aktuell for dei som ikkje tidlegare har gjennomgått SARS-CoV-2-infeksjon, og for dei som har underliggande risikofaktorar.

Det bør ha gått meir enn 6 månadar sidan førre dose, og vaksineringa for denne gruppa bør gjennomførast i løpet av april.

Les meir på Folkehelseinstitutet sine nettsider (nettlenke).

Vaksinering av andre aldersgrupper

Sjølv om vinterens covid-19-bølge no ser ut til å vera over, er den vidare smitteutviklinga utover våren og sommaren usikker. Det er så langt ikkje tegn til ein tydeleg sesongvariasjon for SARS-CoV-2-viruset slik som for influensa. Det er derfor sannsynleg at det kan komma ei ny bølge i løpet av dei næraste månadene.

Folkehelseinstituttet anser det som sannsynlig at aldersgruppa 65 år og eldre, samt dei i aldersgruppa 18 til 64 år med underliggande risikotilstandar, vil ha behov for ein ny oppfriskingsdose til hausten, før vintersesongen 2023-24.

Kontakt vaksinekontoret

Ring vaksinekontoret på mobil 91 30 38 42 tysdag, onsdag og torsdag klokka 09.00-12.00, eller send e-post til vaksinekontor@vindafjord.kommune.no.