Alle i Vindafjord blir hytteeigarar i 2022

Arbeidet på tomta i Kolbeinshauglia mellom Ølensvåg og Bjoa er ferdig. Dagsturhytta kjem som modular til Vindafjord i løpet av januar.

Plassering av dagsturhytta i Kolbeinshauglia gjer at turmålet også vil vera interessant for dei som ønskjer seg lengre turar.  - Klikk for stort biletePlassering av dagsturhytta i Kolbeinshauglia gjer at turmålet også vil vera interessant for dei som ønskjer seg lengre turar. Berit Hetland

Dagsturhytteprosjektet starta i si tid i Sogn og Fjordane i 2016 og blei vidareført i Vestland. Prosjektet har så langt vore ein stor suksess med høge besøkstal. Nå er det Rogaland som står for tur, og alle 23 kommunane har sagt ja til å setta opp ei dagsturhytte.  

Dagsturhytta i Vindafjord har fått namnet Vadhytta, og har høg grad av tilgjenge med universell utforming både med tilkomstveg, sjølve dagsturhytta og toalettfasilitetar.

Namnet blei Vadhytta fordi hytta ligg like ved eit vad (vadestad), som betyr ein stad der ein kan vada eller vassa over elv eller bekk.

Tomta til dagsturhytta er ferdig planert og stripefundamenta er på plass. - Klikk for stort bileteTomta til dagsturhytta er ferdig planert og stripefundamenta er på plass. Berit Hetland

Mykje blir gjort på dugnad

Berge Maskin as har stått for utgraving og planering av tomta. Stripefundamentering på tomta er gjort på dugnad. Det same er oppsett av fundament til toalettet.

– Dagsturhytta kjem i fem modular, og skal settast saman og sluttgjerast av eit arbeidslag. Dei vil bruka 8-10 dagar på dette arbeidet. Etterpå må golvet lakkast og hytta vaskast ned. Dette blir også dugnadsarbeid, seier kultur- og idrettskonsulent Berit Hetland.

Hyttene har eit felles design, er 15 kvadratmeter innvendig og har ei enkel utforming med ei dør og vindauger. Hytta har vedomn og solcellepanel for lys under takutstikk og ved inngangsparti. Kledningen er brent og vindauga aluminiumskledde, slik at hyttene er ganske vedlikehaldsfrie.

Folkehelse

Målet med dagsturhytta er aktiv fritid for alle.

Som eit viktig folkehelsetiltak er det vektlagt at dagsturhytta skal kunne nåast av flest mogleg, uavhengig av helse og kondisjon. Samstundes skal det vera eit attraktivt turmål å besøka fleire gonger, også for røynde turgåarar.

Vadet som har gjeve namn til dagsturhytta. - Klikk for stort bileteVadet som har gjeve namn til dagsturhytta. Berit Hetland  – Plassering av dagsturhytta i Kolbeinshauglia gjer at turmålet også vil vera interessant for dei som ønskjer seg lengre turar. Det er venta at frekvensen på bruken av dagsturhytta vil vera stor på grunn av tilgjenge for alle, kombinert med fleire andre turmål, seier Hetland.

I tillegg kan ein koma til dagsturhytta frå ulike startpunkt med det etablerte turstinettet som er i området. Dagsturhytta vil også ligga i eit område for ulik aktivitet og med gode utviklingsmoglegheiter. Plasseringa gjer dagsturhytta aktuell både for barnehage, skular og andre aktivitetar og arrangement som kan samla mange.

Viktig møteplass

Atle Skrede, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, er innleigd som prosjektleiar for Dagsturhytteprosjektet i Rogaland fylkeskommune. Han er mannen bak dagsturhytte-ideen i Sogn- og Fjordane fylkeskommune i 2016.

Prosjektet ble ein stor suksess og har blitt vidareført til nye Vestland fylke, som i løpet av våren 2022 vil ha totalt 56 dagsturhytter.

– Ein ting er sjølve hytta som installasjon. Det viktigaste er det me klarar å skapa rundt når innbyggarar i alle aldrar kan møtast her. Dette blir ein viktig møteplass, og alle dei ringverknadane som blir skapt rundt denne installasjonen er det som blir spennande framover, seier Atle Skrede til Rogaland fylkeskommune si nettside.

Stort engasjement

Det er berre 15 månadar sidan kommunane i Rogaland ble presenterte for Dagsturhytteprosjektet.

– Dette er eit stort og omfattande prosjekt, men det flyt godt fordi alle samarbeider så bra. Me opplever eit stort engasjement, og det er mange som kan ta eigarskap. Det er fellesskapet som bygger dagsturhyttene. Alle har blitt hytteeigarar, seier Skrede.