Alkohol framfor barna? Dette bør du tenka på

Mange vaksne vil kosa seg med alkohol i jula, også når dei er saman med barna. Barn merkar det raskt når vaksne drikk alkohol, men kvar går eigentleg grensa?

Av-og-til

Derfor bør du være ekstra bevisst

Når me er saman med barn bør me hugsa på at «god stemning» ikkje alltid er det same for oss vaksne som for barna. Dei effektane av alkohol som me vaksne kanskje tenker er positive, kan for barna opplevast ubehagelege.

Når me hevar stemma, er litt tettare på eller ler litt høgare, tenker me kanskje at me berre har det ekstra hyggeleg. For barna kan dette opplevast ekkelt og ubehageleg. Barn merkar endring tidlegare enn me vaksne trur. Etter nokre glas kan det vera vanskeleg for oss vaksne å bedømma korleis me blir oppfatta av dei små.

I tillegg er det lurt å hugsa på at barn lærer av foreldra sine når det kjem til alkohol. Haldningar til alkohol blir etablert tidleg i livet, og vaksne er viktige rollemodellar for sine barn. Det er ein klar samanheng mellom foreldre sitt alkoholbruk og kor mykje barna kjem til å drikka seinare i livet.

Hugs også på at sjølv om du kjenner ditt eige barn si historie, vet du ikkje alltid kva historiar andre barn har med seg. Det som er greitt for ditt barn, kan verka utrygt for ungar som har opplevd vanskelege ting i samanheng med vaksne si drikking.

Maks to glas

Kvart år spør IPSOS, på vegne av Av-og-til mellom 500 og 1.000 barn korleis dei opplever vaksne sin alkoholbruk. Basert på desse undersøkingane, og anna forsking på feltet, har Av-og-til utarbeidd følgande råd til vaksne som drikk alkohol:

1. Drikk maks to glas når du er saman med barna

Tenk gjennom på førehand om du skal drikka, og i så fall kor mykje, med barn til stades. Når barna blir spurt, seier fleirtalet at dei ønsker at vaksne drikker null, eit eller to glas alkohol når dei er saman med dei.

2. Ha flest dagar utan alkohol – sjølv om du har fri

Når barna blir spurt, seier dei fleste at dei synest det er greitt å drikka alkohol ein gong i veka eller sjeldnare. Berre 3 av 100 synest det er greitt at foreldra drikk kvar dag. Vis barna at du ikkje treng å drikka alkohol kvar gong du skal kosa deg, sjølv om det er fri eller høgtid.

3. Bli einige med andre vaksne

Skal de vera saman med andre vaksne? Då kan det vera fint å avtala kva som er greitt og ikkje med barn til stades. Det kan også vera lurt at minst ein er edru og kan køyra bil dersom det skulle oppstå noko.

4. Ikkje gløym morgondagen

Pass på at kveldskosen ikkje ender med at du må avlysa planane for morgondagen, som heile familien har gledd seg til.

5. Hugs at barn merkar at du har drukke tidlegare enn du trur

Ofte kan det vera vanskeleg for vaksne å oppdaga når det går frå triveleg til ubehageleg for barna. Det som vaksne kan oppleva som positive endringar, som at du ler meir eller snakkar litt høgare, kan gjera barn usikre og utrygge.

6. Ver spesielt bevisst i feriar og høgtider

Fridagar og høgtider er høgdepunkt for barna. Samtidig er det også då nordmenn oftast kjøper mest alkohol. Ver bevisst på at fri frå jobb, seine kveldar og eventuelle utanlandsferiar aukar risikoen for at du startar å drikka tidlegare på dagen, eller at du drikk meir enn du hadde tenkt. Barn blir ekstra sårbare for endringar hos foreldre når dei er borte frå sine trygge rammer, for eksempel i eit selskap i eit framad hus eller på ferie heimanfrå.