36 nye bekrefta smitta i Vindafjord i helga

I tillegg er det meldt om 13 positive svar på hurtigtestar. Det er frå laurdag innført bruk av munnbind på institusjonar i Vindafjord.

Vindafjord kommune

– 27 av dei smitta er tilsette ved ei verksemd i kommunen. Verksemda testar alle tilsette så lenge det er positive svar. Dei 13 som har testa positivt på hurtigtest i helga, vil bli testa måndag. I tillegg har me 9 smittetilfelle i kommunen der me har kontroll, seier kommuneoverlege Terje Kleiven.

Det er nå registrert totalt 221 smitta i Vindafjord sidan pandemien starta.

Justering av tiltak

Kommuneoverlegen har vore i samtale med Folkehelseinstituttet (FHI), og smittetilfella i Vindafjord blir førebels ikkje definert som eit utbrot. Det er i samråd med FHI justert noko ned på tiltaka som blei innførte før helga for husstandsmedlemmer til dei som har testa positivt for korona.

– Vaksinerte husstandsmedlemmer skal ta ein hurtigtest straks. Ved negativ test kan dei gå på jobb. Uvaksinerte husstandsmedlemmer skal ta hurtigtest kvar dag i sju dagar. Er hurtigtesten negativ, kan dei gå på jobb. Barn og unge skal også testa seg med hurtigtest i sju dagar. Er testen negativ, kan dei kan gå i barnehage og på skule. Samstundes er det viktig for alle at ein er obs på symptom i 10 dagar, seier Kleiven.

Viktig å vera nøye med smittetiltak

Sjølv om FHI i ikkje definerer det som eit utbrot i Vindafjord nå, er det ikkje tvil om at smitten aukar i kommunen. Frå laurdag er det derfor innfør påbod om at tilsette i institusjonane, heimeteneste og fellesareal i bufellesskap skal bruka munnbind. Det same gjeld for besøkande på institusjonane.

– For å hindra smitten i å spreia seg, er det viktig at dei uvaksinerte vaksinerer seg. Me oppmodar også alle til å vera nøye med smittetiltak som å halda avstand, sprita og vaska hender. Det er også viktig å tenka seg om i høve til kor mange nærkontaktar ein har, seier Kleiven.