Denne flotte gjengen og koronakontoret takkar i dag for seg etter 2,5 år med pandemiarbeid. Over 18.000 dosar koronavaksine er sett, og over 10.000 testar er tatt.

Har du 2-3 timar i veka du kan bruka til å lysa opp kvardagen til andre? Heimetenesta ytre sone er på jakt etter støttekontaktar til ei kvinne og ein mann.

Vaksinekontoret er eit tilbod for privatpersonar og lokale bedrifter på heile Haugalandet. Normal drift i forhold til smittevernarbeid i kommunen gir større kapasitet til vaksinearbeid, som reisevaksinering.

Folkehelseinstituttet er bekymra for den låge dekninga av pneumokokkvaksine blant eldre og personar med underliggande sjukdom. Dei oppfordrar fleire til å beskytta seg mot sjukdommen. Nå er det kort tid igjen for dei som vil ha vaksinen gratis.

Hender med ringar av løvetann.

Familieteamet tilbyr gratis foreldrekurs til foreldre som har barn i alderen 4-10 år. Foreldrerettleiingsprogrammet heiter circle of security-parenting (COS-P). På norsk kallar me det tryggleikssirkelen. 

Familie

Helsestasjonen i samarbeid med familieteamet tilbyr gratis foreldrekurs til førstegongsforeldre som har barn i alderen 6 månader til 3 år. Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt, for å delta.

 

Mange vaksne vil kosa seg med alkohol, også når dei er saman med barna. Mange barn synes det er heilt greitt, men kvar går eigentleg grensa?

Med ivrige og flinke hjelparar gjekk det unna med å lasta inn pallar med smittevernutstyr og pumper.

I starten av koronapandemien var smittevernutstyr mangelvare i heile Noreg. Torsdag vart kommunen sitt overfylte beredskapslager rydda, og 18 pallar sendt med THK stiftelsen til Ukraina.

Visste du at FHI anbefaler oppfriskingsvaksine mot sjukdomane difteri, stivkrampe, kikhoste og polio når det er gått om lag ti år sidan førre vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio?

Eit barn i Vindafjord kommune treng ein besøksheim, og Etne Vindafjord barnevernteneste søker etter foreldrevikar/besøksheim i samarbeid med familien det gjeld. Kan det vera deg? Som foreldrevikar kan du gjera ein stor forskjell.