Sikt ved eigedom og avkøyrsle til kommunal veg

Gode siktforhold langs vegane, i kryss og avkøyrsler er viktig for trafikktryggleik og framkommelegheit. Du har ansvar for dette på din eigedom.

Hekkar, buskar og tre som grensar til vegen må normalt klippast vår og haust. Ekstra klipping om sommaren kan vera nødvendig.

I kryss og avkøyrsle skal det vera ein sikttrekant der planter, buskar, murar, tette gjerde og liknande ikkje skal vera høgare enn 0,5 meter over vegbanen. Her er det lurt å planta vekster som ikkje blir høge. Ønskjer ein høgare planter eller tette gjerde, må ein trekka dette lenger inn på eigedommen. 

Avkøyrsle eller vegkryss

Kor stor sikttrekanten skal vera varierer frå om det er avkøyrsle eller vegkryss. Fartsgrensa har også noko å seia for kor stor sikttrekanten skal vera.

Om avkøyrsla di munnar ut i veg må høgde på hekk og gjerde ikkje overstiga 0,5 meter over gateplan. Hekk og gjerde kan også flyttast utanfor fri siktsona, merka med raudstipla strek til venstre i illustrasjonen under.

Det må vera 4 meter fri sikt inn i avkøyrsla. Det betyr at når du står 4 meter inn i avkøyrsla di, skal du kunna sjå vegen 45 meter til kvar side dersom fartsgrensa er 50 kilometer i timen. Avstanden aukar eller minkar med farten slik figuren under illustrerer.

Illustrasjon som viser korleis ein må klippa eller flytta hekk ved avkøyrsle ved ulike fartsgrenser. - Klikk for stort bilete Illustrasjon: Statens vegvesen  

Klipping på kommunal eigdom

Nokre gonger ligg det eit areal som kommunen eig mellom eigedommen og sjølve vegen. Å klippa dette arealet er som hovudregel kommunen sitt ansvar.

Frå tid til annan kan kommunen få spørsmål frå private om dei får lov til å klippa vekk greiner og buskar som veks på slike areal.

Dersom det gjeld greiner og buskar som stikk ut i vegen mellom eigen eigedom og veg, kan ein klippa vekk årsvekst utan å avtala særskilt. Gjeld det større areal og tre, må ein innhenta lov frå kommunen før ein klipper.

Greiner som veks utover veg

Fri høgd over køyreveg skal vera minst 4,2 meter. For gangveg skal fri høgd  vera minst 2,25 meter.Dette må ein ta omsyn til dersom ein har tre med greiner som veks utover veg.

Kontaktinformasjon

Kommunaltekniske tenester
E-post

Besøksadresse:
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse:
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Hildbjørg Fludal
Hildbjørg Fludal
Ingeniør
VAR Område
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 61 03
Mobil 99 23 55 50
Profilbilde av Berit Fyljesvoll Haugsland
Berit Fyljesvoll Haugsland
Einingsleiar
Kommunaltekniske tenester
E-post
Mobil 91 35 04 68