Privat veg

Brukarane av private vegar må syta for vedlikehald, brøyting og strøying gjennom vinteren.

Ordninga er slik at alle brukarane av privat veg dannar veglag. Veglaget vel sine tillitsfolk, og kostnadane til vedlikehald av vegen vert fordelt slik at alle betalar for sin del. 

Veglova har reglar for dette. Blir ein ikkje einige, er det råd å få avgjersle ved skjønn.