Brøyting, strøing og feiing av vegar

Kommunen brøytar kommunale vegar. Brøytinga byrjar når det er 8-10 cm snø. Før 17. mai blir det feia strøsand på kommunale vegar og fortau.

Brøyting på kommunale vegar

Prioriteringar for brøyting og strøing er slik i hovudtrekk:

  • Generelt sett er veg til brannstasjonar, ambulanse, legevakt og rådhus prioritert høgast.
  • Deretter kjem hovudvegar og busstrasear, vegar til sjukeheimar og døgnbusette institusjonar, vegar til skular og barnehagar (dagar desse er opne) og skulevegar.
  • Til slutt kjem vanlige vegar i bustadområde, parkeringsplassar, vegar til andre kommunale bygg og liknande.
  • Turvegar blir ikkje brøyta.

Brøytebil eller traktor brøytar den kommunale vegen. Det vil då ligga snø igjen i private avkøyringar. Denne snøen må ein sjølv fjerna om ein treng det. 

I nokre naobolag hjelper ein kvarandre om ikkje alle har høve til å rydda vekk snøskavlen som blir liggande igjen etter brøytebilen.

Strøing på kommunale vegar

Når det har slutta å snø, er det aktuelt å strø dersom det er glatt. Generelt sett blir det strødd i svingar og bakkar.

Under ekstremt glatte forhold er det aktuelt å strø heile vegen. Kommunen nyttar sand til å strø med.

Fylkesvegane

Det er Rogaland fylkeskommune som driftar fylkesvegane. Der er det drift og vedlikehald som skal ha beskjed.

Er det hendingar, dårleg bøyting eller glatte vegar, ring Vegsentralen 175. Dei kan iverksetta mannskap raskt.

Her er komplett liste over fylkesvegar i Vindafjord:

  • Saudavegen, Fv 46
  • Sandeidvegen, Fv 514
  • Bjoavegen, Fv 543
  • Tørsdalsvegen, Fv 4740
  • Raunesvegen til AF sitt opphoggingsanlegg på Raunes, Fv 4742
  • Stokkastrandsvegen fram til krysset med  Stokkadalsvegen, Fv 4744
  • Blikravegen, Fv 4746
  • Dalavikvegen, Fv 4734
  • Dreganesvegen til Hamre, Fv 4760
  • Helgelandsvegen, Fv 4748
  • Haukakvamsvegen, Fv 4750
  • Movegen til Ørnes bru, Fv 4752
  • Movegen frå Ørnes bru, Fv 4754
  • Fjellgardsvegen, Fv 4752
  • Eikelandsvegen, Fv 4756
  • Ølmedalsvegen, Fv 4758
  • Vikevegen, Fv 4736
  • Solheimsvegen, Fv 513
  • Haraldseidvågen, Fv 4738

E 134 Haukelivegen

Det er Statens vegvesen som har ansvaret for vintervedlikehaldet på E 134. 

Meir om drift og vedlikehald finn du her.

Er det hendingar, dårleg bøyting eller glatte vegar, ring Vegsentralen 175. Dei kan iverksetta mannskap raskt.

Feiing av strøsand

Når våren kjem, og det ikkje lenger er fare for frost, blir vegar og fortau feia for strøsand. Dette blir gjort i god tid før 17. mai.

Arbeidet blir utført på kommunale vegar. I tillegg til arbeid på vanleg dagtid, kan det også bli feia utanom vanleg arbeidstid og i helgar.

Kontaktinformasjon

Kommunaltekniske tenester
E-post

Besøksadresse:
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse:
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Hildbjørg Fludal
Ingeniør
VAR Område
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 61 03
Mobil 99 23 55 50
Berit Fyljesvoll Haugsland
Einingsleiar
Kommunaltekniske tenester
E-post
Mobil 91 35 04 68