Kopla til offentleg leidningsnett

  • Når du skal kopla deg til offentleg vatn og avløp må du ha godkjenning frå kommunen.
  • Dette gjeld både ved oppføring av nybygg og når eksisterande bygningar skal koplast til.
  • Du må få ein godkjent røyrleggar eller entreprenør til å senda søknaden.  

​Kven skal senda inn søknaden?

Heimelshavar for eigedommen, utbyggar eller representant for denne, sender inn søknaden.

Berre godkjent røyrleggarfirma eller entreprenør kan melda inn arbeid via røyrleggarmelding.

Røyrleggarmeldinga skal sendast inn som ein eigen, separat søknad. Når meldinga er godkjent, skal den leggast ved byggesøknaden når den blir send til kommunen. 

Slik søker du 

Fyll ut skjema og send det til teknisk@vindafjord.kommune

Røyrleggarmelding (PDF, 278 kB)

Vedlegg

  • Situasjonskart, som viser
    • plassering av bygningar, som skal tilkoplast, på eigedommen.
    • planlagt tilkoplingspunkt for vatn
    • planlagt tilkoplingspunkt for kloakk og overvatn
    • alle vass- og avløpsleidningar på eigedommen

Ferdigmelding 

Når tilkopling er utført, skal ansvarleg føretak levera inn teikning og kart som viser lagde leidningar, kummar, stoppekranar, avgreiningar, vinkelendringar og andre installasjonar i X,Y og Z-koordinatar.

Dokumentasjon skal sendast til teknisk@vindafjord.kommune inn før ferdigmelding av nye bygg blir godkjent.

Kva kostar det?

Sjå Vindafjord kommune sitt taksthefte. (PDF, 429 kB) Trykke Ctrl + F for å søka i dokumentet.

Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp (PDF, 402 kB)

Hovdudplan for vassforsyning (PDF, 35 MB)

Hovudplan for avløp (PDF, 2 MB)

Kontaktinformasjon

Hildbjørg Fludal
Ingeniør veg, vatn og avløp
Kommunaltekniske tenester
E-post
Telefon 53 65 61 03
Mobil 992 35 550
Linda Rødne
Konsulent kommunale avgifter
Kommunaltekniske tenester
E-post
Telefon 53 65 61 09
Marit Øverland Ilstad
Einingsleiar
Kommunaltekniske tenester
E-post
Telefon 53 65 61 02
Mobil 416 99 045