Privat vatn og avløp

Privat vassforsyning

  • Private vassforsyningssystem må registrerast hos Mattilsynet
  • Meir informasjon finn du på Mattilsynet.no

Privat avløp

Dersom du skal legga inn vatn eller installera vasstoalett i huset eller hytta, og ikkje kan knytast til kommunalt avløp, må du søka om utsleppsløyve for avløpsvatn. Avløpsvatn er avløp frå vasstoalett, kjøkken, bad og vaskerom (sanitært avløpsvatn). Gråvatn er avløp frå kjøkken, bad og vaskerom.
 
Ingen kan setta i gang nye utslepp eller auka utslepp vesentleg utan at løyve er gitt i medhald av forureiningsforskrifta §12-5. Eigar av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald.

Ta kontakt med ein røyrleggar som vil stå som ansvarleg for planlegginga og utføringa av avløpsanlegget.

Skriftleg søknad skal innehalda følgande

  • type avløpsanlegg og dimensjon på anlegget
  • opplysningar om utsleppet blir etablert i samsvar med krav i kommunen og forureiningsforskrifta kapittel 12
  • kart med avløpsanlegget og utsleppstaden innteikna
  • opplysningar om interesser som kan bli berørt av etableringa

Partar og andre som kan bli særleg berørt av saka skal varslast om innhaldet i søknaden. Kopi av nabovarsel skal sendast inn saman med søknaden.

Slik søker du

Søknad med alle nødvendige opplysningar og vedlegg sendes til postmottak@vindafjord.kommune.no.

Skjemaet gjeld ikkje for påkopling til offentleg avløpsnett.

Søknadsskjema utsleppsløyve sanitært avløpsvatn

Søknadskjema om ferdigattest for avløpsanlegg (PDF, 357 kB)

Når du søke om utsleppsløyve og har utslepp til sjø, må du søke om løyve etter hamnelova for å få legge sjøleidning.

Søknadskjema om løyve etter hamnelova (PDF, 120 kB)

Slamtømming

HIM IKS har ansvar for slamtømming i HIM-kommunane. Kommunane gir utsleppsløyve og har tilsynsansvaret for anlegga. Det er HIM som krev inn slamgebyr.

Meir om slamrenovasjon på HIM sine nettsider

Korleis blir eit tilsyn utført?

I første omgang vil tilsynet innebera ei oppfølging av innmeldte feil og manglar frå slamtømmefirma etter slamtømming og kartlegging. Enkelte anleggseigarar vil derfor få eit brev om å retta opp feil og manglar etter tømming.

Eit tilsyn kan også innebera inspeksjon på staden. Dersom din eigendom blir plukka ut til inspeksjon, får du eit varsel om dette. Du kan velja å vera til stades under tilsynet.

Dersom det er avvik vil du få beskjed om å retta desse og/eller oppgradera anlegget. Blir det funne avvik, og desse ikkje blir lukka etter rimeleg tid, har kommunen myndigheit til å ilegga tvangsmulkt til forholda er retta opp.

Tilsyn på avløpsanlegg skal sørga for

  • at avløpsanlegg ikkje fører til unødvendig forureining.
  • at alle vilkår er i tråd med utsleppsløyve.
  • å kontrollera at avløpsanlegga reinsar slik de skal.
  • at servicepersonell gjer jobben sin.
  • anleggseigarar brukar anlegga slik det er tiltenkt.
  • at anlegget er bygd i samsvar med løyvet.
  • å følga opp innmeldte avvik frå slamtømmefirma.
  • å kontrollera at alle avløpsanlegg er registrerte og betalar kommunale gebyr.
  • å kartlegga anlegg.
  • å saksbehandla nye utsleppssøknadar.
  • å gå gjennom dokumentasjon og registreringar for det aktuelle anlegget.
  • å senda ut spørjeskjema om noko er uklart.
  • kontroll og oppfølging av tømmerapportar, servicerapportar og årsrapportar.
  • å vurdera tømefrekvens og tilgjenge.
  • å utføra kontrollbesøk eller inspeksjon (dette vil blir varsla i forkant).

Lovverk tilhøyrande privat vatn og avløp

Gebyr

Det framgår av forurensningsforskriften § 11-4 om gebyrer for saksbehandling og tilsyn etter forureiningsforskrifta at kommunen kan ta betalt for å føra kontroll med private avløpsanlegg.

Gebyra skal samla sett ikkje overgå kommunens sine kostnadar med arbeidet. Det er gjennom budsjettvedtak bestemt at eigarar av private avløpsanlegg skal betala eit årleg gebyr for å finansiera tilsynsarbeidet gjennomført av kommunen.

Sjå Vindafjord kommune si gebyrliste.

Hovdudplan for vassforsyning (PDF, 35 MB)

Hovudplan for avløp (PDF, 2 MB)

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Wilhelm Fjetland Trodahl
Wilhelm Fjetland Trodahl
Rådgiver
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Mobil 45 63 46 26