Meld frå om feil på vatn og avløp

  • Ved større feil og overfløyming, kontakt vakttelefon 48 09 92 53.
  • Ved overfløyming på eigen eigedom må du kontakta forsikringsselskapet ditt.

Vasslekkasje

Ser du store mengder vatn som fossar fram I terrenget eller i vegen kan det vera vasslekkasje på ein offentleg leidning. Dette kan medføra stor skade og må derfor utbetrast raskt. Meld difor frå så snart som mogleg til vakttelefon 48 09 92 53.

Får du vatn eller kloakk inn i kjellaren, sørg for å sikra verdiar, og ta snarast mogleg kontakt med røyrleggar og forsikringsselskap.

Høyrer du

  • sus i røyr som ikkje stoppar
  • opplever lågare vasstrykk enn vanleg
  • ser litt vatn som sildrar fram i terrenget eller vegen, og som ikkje skuldast nedbør

då kan det vera ein mindre lekkasje på privat eller offentleg vassleidning. Meld frå til teknisk@vindafjord.kommune.no

Overfløyming

Overfløyming av vatn eller avløp på grunn av brot på ein leidning eller mangel på kapasitet på leidningsnettet kan føra til store skadar. Sørg for å sikra verdiar, og ta så kontakt med vakttelefonen 48 09 92 53

Stengt vatn

Dersom vatnet må stengast får du varsel på telefon. Det er ikkje alltid me når ut med varsling til befolkninga. 

Nokre gonger greier me dessverre ikkje å setta på vatnet til planlagt tid fordi me har støtt på uventa problem undervegs. Me jobbar alltid for at den tida du er utan vatn skal bli kortast mogeleg.

Kva skal du gjera dersom vatnet er stengt?

  • Steng alle vasskranar den tida vatnet er borte. 
  • Når vatnet er tilbake kan det vera brunt. Då bør du tappa ut mykje kaldt vatn frå den krana som er nærast vassinntaktet til bustaden. Ta ut eventuell sil i krana.
  • Unngå å tappa varmt vatn for å hindra grums til varmtvasstanken
  • Det er lurt å venta med vask av lyse klede om vatnet er brunt

Kontaktinformasjon

Kommunaltekniske tenester
E-post

Besøksadresse:
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse:
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Hildbjørg Fludal
Hildbjørg Fludal
Ingeniør
VAR Område
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 61 03
Mobil 99 23 55 50
Profilbilde av Berit Fyljesvoll Haugsland
Berit Fyljesvoll Haugsland
Einingsleiar
Kommunaltekniske tenester
E-post
Mobil 91 35 04 68