Adresse

Adresser og skilt skal sørga for at alle på ein lett og forståeleg måte kan identifisera og finna fram til bygningar, tilkomst til bygningar, bustader og andre adresseverdige objekt.

Det er kommunen som tildeler offisielle adresser, jamfør. matrikkellova § 21. Skrivemåten skal vera etter regelverket i stadnamnlova.

Offisielle adresser

Ei vegadresse (gateadresse) er sett saman av eit adressenamn (gatenamn) og eit husnummer.

Offisielle adresser blir tildelte bygningar som blir brukte til:

  • bustadformål
  • fritidsformål
  • næringsverksemd
  • offentleg eller publikumsretta verksemd

Naust og anneks er ikkje adresseverdige bygg.

Tildeling

Eigedom eller bygning blir tildelt adresse til den vegen den har tilkomst frå.

Adresser blir tildelte ved søknad om oppføring av nye bygg. 

Det hender at enkelte lagerbygg og liknande som har behov for eiga adresse, ikkje har fått dette. Ta i tilfelle kontakt med kommunen.

Adresseendring

Kommunen kan endra adressa når det er nødvendig, for eksempel når:

  • tilkomsten blir endra eller lagt om
  • det blir fortetta (nybygging)
  • det er vanskeleg å finna fram fordi adressa er feil med tanke på tilkomsten

Eigar kan ta kontakt med kommunen dersom adressa til ein eigedom bør blir endra. Dette er i tilfelle dei faktiske forholda har endra seg eller kommunen har gjort feil.

Adresse og husnummer

Eit godt synleg husnummerskilt er viktig for at utrykningspersonell, drosjar, vareleveransar og andre skal finna fram til ei adresse fort og enkelt.

Eit slikt skilt bør vera stort nok til å kunne lesast frå vegen og ha god kontrast til husfargen. Huseigar skal sjølv kjøpa og setta opp husnummerskilt. Husnummerskilt får ein kjøpt i bygge- eller jernvareforretningar.

Vegskilt

Kommunen set opp skilt som viser vegnamn der det er behov for det og tilvisingsskilt der det er 3 eller fleire hus på same sideveg.

Bustadnummer

I bustader med fleire leilegheiter brukar ein bustadnummer i tillegg til vegadresse for å skilla dei ulike bueiningane. Bustadnummeret er sett saman av ein bokstav og tre tal som gir etasjen og leilegheita. H0101 viser til hovudetasje nr. 1 og første leilegheit på venstre hand når ein kjem inn hovudinngangen.

I einebustader med ei brukseining er bustadnummeret H0101.

Adressetilleggsnamn

I nokre tilfelle kan eigar av ein eigedom kreva å få bruka eigedomen sitt bruksnamn som ein del av si offisielle adresse.

Etter matrikkelforskriften § 54 kan adressetilleggsnamn inngå i den offisielle adressa. Hensikta er å ta vare på bruksnamn av kulturhistorisk verdi. Adressetilleggsnamn vil som regel vera knytt til eit gardsbruk, men kan også bli knytt til den offisielle adressa for ein kjent institusjon eller bygning.

Har du spørsmål, ta kontakt.

Klage

I adressesamanheng kan du klaga både etter matrikkellova og stadnamnlova.

Klage etter matrikkellova er avgrensa til:

  • kva for ei gate, veg eller liknande ein bygning eller eigedom skal ha adresse til
  • kva for adressetilleggsnavn eller matrikkeladressenavn som er tildelt adressa
  • feil tildelt adressenummer eller brukseiningnummer

Klage etter stadnamnlova omfattar skrivemåten på adressenamn, adressetilleggsnamn og matrikkeladressenamn.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80