Eigedomsskatt 2024

  • Informasjon om eigedomsskatt blir årleg sendt elektronisk før 1. mars.
  • Dei som ikkje mottar informasjon elektronisk, får den tilsendt per post.
  • Den generelle skattesatsen er 5,5 promille.

Vindafjord kommune sitt vedtak for eigedomsskatt 2024

Kommunestyret vedtek at det skal krevjast eigedomsskatt for alle faste eigedomar i Vindafjord kommune i 2024, jf. eigedomsskattelova (ekstl.) § 3 bokstav a.

a. Den generelle skattesatsen som skal gjelde for skattepliktige eigedomar vert sett til 5,5 promille, jf. ekstl. § 13.

b. For bustader og fritidseigedomar vert satsen sett til 4 promille, jf. esktl. § 12a.

c. For utskriving av skatt på bustadeigedomar nyttar kommunen Skatteetaten sitt formuegrunnlag der dette er fastsett, jf. esktl. § 8 C-1.

d. For eigedommar tidlegare definert som verk og bruk skal det skrivast ut skatt på eit særskilt skattegrunnlag som følgje av at produksjonsutstyr og –installasjonar ikkje skal takast med i takstgrunnlaget. Det særskilteskattegrunnlaget er differansen mellom ny takst for objekta frå 2019 og skattegrunnlaget i 2018. Grunnlaget skal i 2024 vere redusert med seks sjuandedelar (jf. overgangsregel til esktl. §§ 3 og 4 første punktum). Skattesatsen på det særskilte skattegrunnlaget skal vere 7 promille.

e. Med heimel i esktl. § 7 a og b, vert eigedommar åt stiftingar og institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten, samt bygningar med historisk verde, friteke frå eigedomsskatt etter vedlagt fritaksliste. Andre eigedommar som er eigd av stiftingar eller institusjonar vil bli vurdert fritatt av kommunestyret på grunnlag av søknad.

f. Eigedomsskatten skal betalast i ein, fire eller tolv terminar, jf. esktl. § 25.

Faktura

Gebyr for eigedomsskatt blir sendt på same faktura som dei kommunale avgiftene. 

Offentleg ettersyn

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, vert eigedomsskattelista lagt ut til offentleg gjennomsyn innan 1.mars, og ligg ute i tre veker.

Lista viser dei skattepliktige eigedomane med adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen, og utrekna eigedomsskattebeløp.

Heimelshavar får tilsendt brev med melding om takst og skatt for 2024.

 

Klage

Du kan klaga på eigedomsskattetaksten kvart år i samband med utskrivinga av eigedomsskatt, såframt det ikkje tidlegare er klaga på same grunnlag, jamfør eigedomsskattelova § 19 (1).

Fristen for å klaga på eigedomsskatten er seks veker frå og med utsendt skattesetel.
Klagen vil først bli vurdert av eigedomsskattenemnda.

Dersom eigedomsskattenemnda opprettheld takstvedtaket, vil klagen bli sendt vidare til klagenemnda for eigedomsskatt.

Me gjer merksam på at du må betala eigedomsskatten sjølv om du klagar, jamfør eigedomsskattelova § 25 tredje ledd.

Skatteytar må bruka retten til å klaga for å kunna reisa søksmål, jamfør forvaltningslova § 27b

Korleis klaga på eigedomskatt

For å klaga må du først finna ut om du har skattetakst basert på bustadverdi frå Skatteetaten, formuegrunnlag, eller lokal takst. Dette finn du ut på den elektroniske informasjonen kommunen årleg sender ut før 1. mars.

Dei fleste privatbustadar har bustadverdi frå Skatteetaten. Næringseigedommar og fritidseigedommar har lokal takst.

Lokal takst

Du kan senda klage til Vindafjord kommune, Eigedomsskattekontoret, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen eller på e-post til eigedomsskatt@vindafjord.kommune.no.

Merk klagen med gards- og bruksnummer, og eventuelt feste- eller seksjonsnummer.

Formuegrunnlag

For eigedommar som har takst basert på formuegrunnlag, må ein retta klagen til Skatteetaten.

Dersom du meiner formuegrunnlaget ikkje samsvarer med den reelle verdien for eigedommen, kan dette tyda på at Skatteetaten har feil eller manglande opplysningar om eigedommen.

Dersom opplysningane til Skatteetaten skulle vera feil, vil taksten bli justert. I så fall vil kommunen få automatisk beskjed om dette frå Skatteetaten, slik at taksten blir korrigert også i våre system.

Eventuelt overskytande beløp som er innbetalt vil i så tilfelle bli tilbakebetalt. 

Meir om formuegrunnlag finn du via denne lenka til Skatteetaten.

Kontakt Skatteetaten, enten via telefon 800 80 000, brev til Skatt Vest, Postboks 8103, 4068 Stavanger eller elektronisk via denne nettsida.

Kva har blitt taksert?

I utgangspunktet er alle eigedommar i kommunen taksert etter prinsipp som sikrar at ein blir behandla likt. Hovudgruppene av eigedommar som er taksert er:

  • Bustadar som ikkje har takst frå skatteetaten sitt formuegrunnlag, til dømes våninghus og bustadar eigd av aksjeselskap.
  • Hytter og fritidshus
  • Våningshus på gardsbruk
  • Garasjar og naust til bustadar
  • Uthus
  • Tomter
  • Næringsbygg og forretningsbygg
  • Andre bygg og eigedommar

Eigedomsskatteliste

Eigedomsskattekontoret lagar kvart år ei eigedomsskatteliste der alle eigedomane blir ført med adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer) eigedomsskattetakstane, skattesatsen og utrekna eigedomsskattebeløp.

Eigedomsskattelista blir lagt ut innan utgangen av februar. Etter eigedomsskattelova §15 skal den ligga til offentleg ettersyn i minst 3 veker frå kunngjeringsdato.

Melding om feil eller klage må merkast med gards- og bruksnummer, og sendast til kommunen på e-post eigedomsskatt@vindafjord.kommune.no eller i brev til Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Eigedomsskattelista blir også lagt ut i papirformat hos servicetorget på rådhuset i Ølen.  

Nyttige lenker

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt

Telefon: 53 65 61 25

E-post: eigedomsskatt@vindafjord.kommune.no

Adresse: Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Marianne Stople Rørtveit
Marianne Stople Rørtveit
Ingeniør
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 90 80 92 26
Mobil 90 80 92 26