Gebyr for behandling av byggesøknad

Du må betala for at kommunen skal behandla byggesøknaden din. Prisen du må betala avheng av kva du skal bygga.

Saksbehandlingsgebyret blir rekna ut frå eit basisgebyr basert på kva du skal bygga og eit arealgebyr for storleik på byggverket. Dersom du søker om dispensasjon, kjem dispensasjonsgebyr i tillegg.

Oversikt over gebyr finn du i Vindafjord kommune si gebyrliste.