Dispensasjon

  • Dispensasjon vil seia at du får lov til å bygga eller gjera noko som du i utgangspunktet ikkje har lov til.
  • Om du ønsker å bygga, riva eller endra noko som er i strid med lovar og reglar for din eigedom, kan du søka om dispensasjon.

Dei ulike områda i kommunen har ulike planbestemmingar. Når du skal bygga noko, må du derfor finna ut kva bestemming som gjeld for din eigedom. Dette kan du finna ut på arealplaner.no.

Slik søker du

I søknaden skal du forklara tydeleg kva bestemming du søker dispensasjon frå og grunngi kvifor du treng dispensasjon. Du må også varsla naboar om dispensasjonen. Her finn du meir informasjon om nabovarsling.
Du kan søka om dispensasjonen i forkant eller samtidig med tiltaket (det du skal bygga).

Vedlegg

  • Søknad om dispensasjon (grunnlag for kvifor du vil ha dispensasjon).
  • Nabovarsel som er merka med dispensasjon.
  • Eit eventuelt skriftleg samtykke (avstand til nabogrense, byggverk, røyrleidning og liknande, bruk av annan manns grunn).
  • Ein eventuell uttale frå andre mynde (sanitærabonnement, utslepp, arbeidstilsyn, landbruk og liknande)
  • Situasjonskart der tiltak er teikna inn.

Kontaktinformasjon

Magne Nagell Bjordal
Seniorrådgjevar jurist
Areal og forvalting
E-post
Telefon 53 65 61 39
Jonny Hetleflåt
Rådgjevar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 90 61 32 90
Mobil 90 61 32 90
Aage Vee
Rådgiver
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 90 58 73 57
Mobil 90 58 73 57
Kristian Reitan
Rådgiver
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 61 14