Renovasjon

I Vindafjord kommune er det Haugaland Interkommunale Miljøverk, HIM, som tar seg av renovasjon på vegne av kommunen.

Tømmekalender

Klikk her for å søka i tømmekalenderen

Avfallsposar

Rutinar når det gjeld utlevering av matavfallssekkar og plastretursekkar: 

  • Treng du nye plastretursekkar eller matavfallsposar, knyter du ein pose på den aktuelle avfallsbehaldaren.
  • Posen blir levert når den aktuelle behaldaren blir tømt. Når du har fått ny leveranse er det viktig at du fjernar posen du har knytta på behaldaren. 

Matavfallsposar og plastretursekkar kan også hentast i kommunen sitt servicetorg eller på HIM sine mottak.

Grøne søppelsekkar for ekstra restavfall

I periodar når du har meir avfall enn det er plass til i behaldaren, er ekstrasekken frå HIM eit godt alternativ. Den er meint for restavfall og har eigen farge og påtrykk.

På tømmedagen for restavfall kan du setta fram så mange av desse sekkane du vil, og renovasjonsbilen vil ta dei med.

Denne sekken kan kjøpast i kommunen sitt servicetorg eller på HIM sine mottak.

Hagesekk for henting av hageavfall

Har du hageavfall du vil kvitta deg med, men ikkje nok til å køyra ein hengar til Toraneset? Nå kan du kjøpa HIM sin hagesekk og setta inntil 3 sekkar saman med restavfallet.

Sekkane kostar 50 kroner per stykk, og du kan kjøpa dei i kommunen sitt servicetorg eller på HIM sine mottak.

Meir om hagesekkordninga finn du her

Pris avfallsposar
Antal Pris
1 sekk ekstra restavfall 40 kroner
1 rull ekstra restavfall 400 kroner
1 sekk hageavfall 50 kroner

Meir informasjon finn du på nettsidene til HIM

Renovasjonsavgift

Haugaland Interkommunale Miljøverk (HIM) fakturerer for renovasjon og slamtømming etter eige oppsett. Spørsmål knytta til fakturering skal rettast direkte til HIM.

Fritak for renovasjon eller slamtømming

Vil du søka om fritak for renovasjon eller slamtømming, bruk HIM sitt kontaktskjema.  

Kontaktinformasjon

Haugaland Interkommunale Miljøpark IKS
E-post
Telefon 52 76 50 50

Besøksadresse
Haraldseidvågen 288, 5574 Skjold