- Elevar som har minst fire kilometer skuleveg har rett på fri skuleskyss i grunnskulen.
- For elevar i 1. klasse er det to kilometersgrenser.
- Fylkeskommunen skal sørga for skuleskyss for elevar på vidaregående skule som har minst seks kilometer skuleveg.
Skuleskyss i grunnskulen
Vindafjord kommune brukar Kolumbus til skuleskyss i grunnskulen.
Vilkår
Avstanden mellom skule og heim må overstiga
- 2 km for 1. årstrinn i grunnskulen
- 4 km for 2. til 10. årstrinn i grunnskulen
Meir om skuleskyssordninga og kven som kan få tilbodet
Særskilt farleg skuleveg
Er du elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til fri skuleskyss uavhengig av kor stor avstanden er. Dette gjeld også om du har nedsett funksjonsevne eller er mellombels skadd eller sjuk.
Slik er prosessen
- Ta kontakt med rektor og presenter strekninga dette gjeld.
- Rektor undersøker om dette er ei strekning som allereie er vurdert som særleg farleg skuleveg (sjå tabell nedanfor)
- Dersom den er innanfor reglementet, får de beskjed av rektor at skyss blir ornda av skulen. Dersom ikkje, må de...
- ...senda skriftleg søknad til rektor med dokumentasjon og grunngjeving for kvifor ein ønsker fri skuleskyss.
- Rektor behandlar så søknaden etter Forvaltningslova.
- Dersom de får medhald, kan dette vedtaket gjelda for heile skuleåret, eller vinterskyss i perioden november til og med februar.
- Dersom avslag, eller at de ikkje er nøgde med vedtaket, er det klagerett til statsforvaltaren. Skulen ved rektor har plikt til å hjelpa dykk med denne søknaden.
- Statsforvaltaren sitt vedtak er endeleg. Dersom dei gir dykk medhald har rektor plikt til å setta inn skyss. Dersom de ikkje får medhald av statsforvaltaren, blir det ikkje skuleskyss.
Tabell sist oppdatert 05.02.26
| | Ølen skule |
Vegnamn | Beskriving av vegen | Rettleiande vurdering | Merknader – Grunngjeving for vurdering av fri skyss. (ÅDT= årsdøgntrafikk) |
E134 | - austover | Årssteg 1-10 Fri skyss til/frå heim aust for av køyring frå E134 til Dørheimfeltet | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, ikkje veglys, delvis manglande vegskulder (fjellskjæring), vegbreidde, krysse veg Klima. Snø på vegskulder. Trafikkforholda på vegen. 80 km sone, Stor trafikk, stor andel tungtrafikk Til Øvrehagen: ÅDT: 6.700 Frå Øvrehagen: ÅDT: 4.000 |
Fv 514 E134 | - mot Sandeid | Årssteg 1-10 Fri skyss sør for avkøyringsveg til Stumo/Haugland (sluttt g/s-veg og til 4 km) Årssteg 1-7 Fri skyss Øklandsvegen | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, ikkje veglys Trafikkforholda på vegen. 80 km sone, høg fart, Stor trafikk. ÅDT 1.950 Grunngjeving: Tilstanden til skulevegen. Ikkje g/s veg, ikkje veglys. Uoversiktleg. |
Fv762 | Dreganes | Årssteg 1-7 kl Fri skyss f.o.m. Dreganesvegen 231. | Grunngjeving: Tilstanden til skulevegen. Ikkje g/s veg, deler av veg utan veglys. Uoversiktleg. |
| Skjold skule | |
E134 mot aust | - aust mot Knapphus | Årssteg 2-10 Fri skyss langs E 134 mot aust inntil 4 km frå skulen | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Kryssing av E-134. Utan sykkel og gangsti Trafikkforholda på vegen. 80 km og 60 km sone utan sykkel- og gangveg. Stor trafikk: ÅDT 5.800 på E134, stor andel tungtrafikk | |
E-134 mot vest – | Kalstveit, Meland | Årssteg 2.-7.kl Fri skyss. (på nordsida av vegen) Dei på sørsida av vegen får fri skyss grunna kryssing av E134 (gjeld 1.-10.klasse) | Vegen har sykkel og gangsti frå Isvik og vestover på ei side av vegen. I Isvik fins ikkje samanhengande fortau eller fotgjengarovergang. Forutan det er det mykje parkering av store køyretøy langs vegen. I tillegg til stor trafikk av store og små køyretøy. ÅDT: 2500 Vegen gjennom Skjoldavik har delvis sykkel og gangsti. Her er det stor lokaltrafikk. ÅDT 2000 | |
| | | | | | | | |
Vågen oppvekstsenter |
E134 | – mot vest | Årssteg 1 - 7 Fri skyss i 60- og ev 80-sona frå slutten av g/s-veg | Grunngjeving: Gjeld dei som må krysse E-134. ÅDT 4.700 |
E134/FV543 | – vegkryss og Bjoavegen | Årssteg 1 – 4 Elevar busett langs Bjoavegen (Fv543), eller nord for E134 får rett til trygg kryssing av E134 ved Cirkle K ved tiltak i krysset og /eller ved gratis skyss. | Grunngjeving: Uoversiktleg trafikkbilete, kryss i Vågen. Stor trafikk. Tungtrafikk. Farlig parkering ved Kiwi/Omega Forstyrrande element: To vegkryss og Cirkle K. ÅDT mot Bjoa: 3.000 ÅDT etter Lundeneset: 1.000 |
Bjoa |
Fv 543 og veg til Dalsbruket, Eikås | – nord mot Utbjoa kai og veg til Dalsbruket/ -Eikås og | 1. Årssteg Fri skyss inntil 2 km Årssteg 2 – 4 Fri skyss inntil 4 km | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, delvis veglys på FV543 Trafikkforholda på vegen. 60 og 80 km sone. ÅDT mellom 950 |
| veg opp til Steinsland | 1.-4 Årssteg Fri skyss | Grunngjeving: Samla reisetid, vedtak statsforvalter. Tilstanden til skolevegen. Ikkje veglys fram til FV543, lang gangavstand til busstopp ved FV 543 gjev lang reisetid |
Fv 543 | – sør mot Ølensvåg | 1. Årssteg fri skyss inntil 2 km Årssteg 2 – 7 Fri skyss inntil 4 km | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, ikkje veglys på RV543 Trafikkforholda på vegen. 60 og 80 km sone. ÅDT mellom 950 |
Vik oppvekstsenter |
Fv 734 - sør | – sør mot Isvik | 1. Årssteg Fri skyss sørover frå Vossasvingen og inntil 2 km frå skulen Årssteg 2 – 7 Fri skyss sørover frå Vossasvingen og inntil 4 km frå skulen | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Delvis g/s-veg, ikkje veglys på Fv734. Smal og uoversiktleg veg. Trafikkforholda på vegen. 60 og 80 km sone. ÅDT = 200 |
Fv 734 - nord | – nord mot Utbjoa | 1. Årssteg Fri skyss nord for Alnavegen og inntil 2 km Årssteg 2 – 7 Fri skyss nord for Alnavegen og inntil 4 km | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, ikkje veglys på Fv734. Smal og uoversiktleg veg. Trafikkforholda på vegen. 60 og 80 km sone. ÅDT= 200 |
| Vats skule |
Fv 46 mot Knapphus | - mot Knapphus | 1. Årssteg Fri skyss frå slutt s/g-veg til 2 km frå skulen. Årssteg 2 – 7 frå slutt g/s-veg til 4 km frå skulen (om lag ved Skrunes) | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, ikkje veglys, oversiktleg veg Trafikkforholda på vegen. 60 km og 80 km sone, ÅDT 2.400. Rett vegstrekning innbyr til høg fart. |
Fv 46 mot Sandeid | - mot Sandeid | 1. Årssteg Fri skyss frå slutt g/s-veg austover til 2 km frå skulen Årssteg 2 – 4 Fri skyss frå slutt g/s-veg og austover inntil 4 km frå skulen Årssteg 5 – 7 Fri skyss frå start 80-sone og austover inntil 4 km frå skulen | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, ikkje veglys, relativt smal og uoversiktleg veg Trafikkforholda på vegen. 80 km sone, ÅDT 1.800 |
| Mot Åmsosen Eikanesvegen | Årsteg 1.-4. klasse Fri skyss frå start til skulen. | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, ikkje veglys, relativt smal og uoversiktleg veg, 60 og 80 sone «Til barnas beste» |
| Sandeid oppvekstsenter |
Fv 46 mot Vats | - mot Vats | 1. Årssteg Fri skyss vestover frå slutt sykkel- og gangsti inntil 2 km frå skulen. Årssteg 5 – 7 Ikkje fri skyss, grunna alternativ gangveg. | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, ikkje veglys, smal og uoversiktleg veg. Må krysse veg (dei som bur på høgre side mot Ølen) Trafikkforholda på vegen. Frå 50 over til 80 km sone, ÅDT=1 500 |
Fv46 frå Strandvegen | - mot Vikedal | Årssteg 2 – 7 Fri skyss frå start 80-sone inntil 4 km | Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, ikkje veglys, smal Trafikkforholda på vegen. Frå 80 km sone, ÅDT=2.000 |
Fv514 mot Ølen | - mot Ølen | 1. Årssteg Fri skyss frå Forehaugsvegen til 2 km frå skulen. Årssteg 2 – 7 Fri skyss frå slutt 50-sone og til 4 km frå skulen. | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, ikkje veglys, smal og uoversiktleg veg. Trafikkforholda på vegen. 60 og 80 km sone, ÅDT=2.000 |
Helgelands vegen | Sandeid skule - Helgeland | 1. Årssteg Fri skyss frå start 60-sone og inntil 2 km der fart er 60, ev. 80 km sone. Årssteg 2 – 7 Fri skyss i 60- og 80-sone. Merknad: 5.-7. årssteg Fri heilårsskyss | Grunngjeving: Elevar kan kome til skulen via eigen gangveg gjennom byggefeltet Balahaugen utan å gå på eller krysse Fv514. ÅDT = 350. 50, 60 og 80-sone. Retten til fri skyss grunna fartsgrenser Merknad: Elevar i 5.-7. årssteg får fri heilårsskyss etter kommunestyrevedtak pr. 24.6.14. |
Haukakvams vegen | Sandeid skule – Haukakvam | 1.-4.klasse Heilårsskyss – Etter Haugakvams kryss frå Håland og innover 5.-7.klasse Vinterskyss - Etter Haugakvams kryss frå Håland og innover | 80-sone. Ikkje gatelys eller sykkel og gangsti. |
| Vikedal skule |
Fv46 mot Sandeid | - mot Sandeid | 1. Årssteg Fri skyss frå bru i sentrum og inntil 2 km frå skulen. Årssteg 2 – 7 Fri skyss frå start 80-sone mot Sandeid og inntil 4 km frå skulen. | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, ikkje veglys, delvis manglande vegskulder, smal og uoversiktleg veg . Trafikkforholda på vegen. 60 og 80 km sone, ÅDT til kai: 2.300 ÅDT nordover frå avkøyeing til kai: 2.000 |
Fv46 mot Imsland | - mot Imsland | 1. Årssteg Fri skyss frå Søndenåfeltet sør (slutt gangveg) og inntil 2 km frå skulen (ca 150 m før kryss til Sønnanåneset). Årssteg 2 – 7 Fri skyss frå Søndenåfeltet sør (slutt på gangveg) og inntil 4 km frå skulen (om lag 250 m før Hogganvikvegen) | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, ikkje veglys, delvis manglande vegskulder, smal og uoversiktleg veg Trafikkforholda på vegen. 60 og 80 km sone, ÅDT: 1700 |
Fv745 | Vikedalsdalen | 1. Årssteg Fri skyss frå slutt s/g-veg (eller turveg) og inntil 2 km frå skulen. Årssteg 2 – 7 Fri skyss frå slutt s/g-veg (eller turveg) og inntil til 4 km frå skulen | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, ikkje veglys, delvis manglande vegskulder, smal og uoversiktleg veg, 60 – 80 km sone, Trafikkforholda på vegen: ÅDT:500. Fartsgrense delvis 80 gir denne vurdering sjølv om fart er lågare enn generell vurdering (s. 7 ) |
| Imsland |
Fv46 mot Vikedal | - mot Vikedal | 1. Årssteg Fri skyss frå start 80-sone inntil 2 km frå skulen. Årssteg 2 – 7 Fri skyss frå start 80-sone og inntil 4 km frå skulen. | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, ikkje veglys, delvis manglande vegskulder, smal og uoversiktleg veg, 80 km Trafikkforholda på vegen: ÅDT=1500 |
Fv46 mot Ropeid | - mot Ropeid | 1. Årssteg Fri skyss frå slutt g/s-veg og inntil 2 km Årssteg 2 – 7 Fri skyss frå slutt g/s-veg og inntil 4 km (om lag Kvaløyvegen) | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Ikkje g/s-veg, ikkje veglys, delvis manglande vegskulder, smal og uoversiktleg veg, 80 km Trafikkforholda på vegen., ÅDT=1.000 |
| Ølen skule |
Fv 762 | – Dreganes | Ingen rett til fri skyss på denne vegen før etter Dreganesvegen 231 | Vegen har moderat trafikk og hastigheit. 50 km sone. ÅDT: 400 |
Kom. vegar | – lokale vegar | Ingen rett til fri skyss på vegane | Vegane har moderat trafikk og 50 km sone. Mange stader s/g-veg |
| | | | | |
| | Sandeid oppvekstsenter |
Fv 46 mot Vats | - mot Vats | Årssteg 5 – 7 Ikkje rett til fri skyss grunna alternativ gangveg. | Grunngjeving: Tilstanden til skolevegen. Alternativ gangveg |
Skuleskyss i vidaregåande skule
Det er fylkeskommunen som skal sørga for skyss i vidaregåande skule.
Meir om korleis elevar i vidaregåande skule skal søka om skuleskyss
Sist endra 06.02.2026 14.40