Råd og utval

For å sikra brukarmedverknad skal alle grunnskular ha eit:

  • foreldreråd (FAU)
  • samarbeidsutval (SU)
  • skulemiljøutval (SMU)
  • elevråd

Møtefrekvensen i desse råda og utvala er noko ulik. Elevrådet har møter om lag ein gong i månaden, medan SU/SMU har ein gong kvart halvår.

Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU)

Foreldrerepresentantane som blir valt blant dei føresette i kvar klasse utgjer skulen sitt foreldreråd (FAU). Frå FAU blir det valt ut to representantar som også skal representera dei føresette i skulen sitt samarbeidsutval (SU) og skulemiljøutval (SMU).

Meir om det å vera medlem av FAU

Samarbeidsutval (SU) og skulemiljøutval (SMU)

SU/SMU er ikkje lenger obligatorisk (slik det var etter gammal opplæringslov (før 2024) – det er no eit lokalt val etter ny opplæringslov frå august 2024. Vindafjord kommune har vedtatt i ny forskrift frå 1. mars 2025 at det skal vere eit samarbeidsutval på kvar skule. 

Elevane skal delta med minst to representantar frå elevrådet, føresette to representantar frå foreldrerådet. Frå dei tilsette skal både undervisningspersonell og andre tilsette vera representert med minst ein person frå kvar. Kommunen skal vera representert med minst ein person, som skal vera ein administrativ representant eller politikar. Rektor/einingsleiar er fast medlem og har ansvar for å legge fram saker som angår skulen sin drift og utvikling.  Samarbeidsutvalet skal bestå av like mange representantar 
for foreldre/føresette, elevane og dei tilsette og kommunen. Dette sikrar at alle relevante grupper er representert og har medbestemming i saker som angår skulens arbeid og læringsmiljø.

I praksis fungerer skulen sitt SU også som SMU. For å sikra at elevar og foreldre er i fleirtal, blir det oppnemnd tilleggsrepresentantar frå elevane og foreldra. 

Å vere medlem i SU betyr å:

  • representere ei gruppe
  • dra i viktige drøftingar
  • fremje samarbeid og dialog
  • påverke utviklinga av skulen
     

Les forskrift om skulereglar i Vindafjord kommune her

Elevråd

Elevrådet skal fremma fellesinteressene til elevane ved skulen og arbeida for å skapa godt lærings- og skulemiljø.

Rådet skal også kunne uttala seg i og koma med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane. 

Les meir om skuledemogratiet på Udir her

Foreldreutvalget (FUG)

Ei nettside og ressurs for alle foreldre som har barn i skulen.

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Åse Markhus Berge
Åse Markhus Berge
Rådgjevar oppvekst
Oppvekst
E-post
Mobil 40 41 36 39
Profilbilde av Anita Jørstad Grindheim
Anita Jørstad Grindheim
Barnehage- og skulesjef
Oppvekst
E-post
Telefon 90 11 54 97