Barnas kommunestyre består av elevrådsrepresentantar frå dei ni skulane. Frå dei tre 1-10 skulane er både småskulen og ungdomsskulen representert. Det er to møte i året, eitt haust og eitt vår. Ordføraren leiar møta på same måte som kommunestyremøta.
Frå barnas kommunestyre i mai 2022.
Svein Carlos Gjil
Bakgrunn
Kommunestyrevedtak i 2011, KS-083/11, vedtak samrøystes:
- Det blir innført eit ”barnas kommunestyre” i Vindafjord som har eit eller to møte i året. Ordførar leiar møtet.
- Kvar barneskule har to representantar i kommunestyret, kvar ungdomsskule har to tilleggsrepresentantar. valet skal normalt skje om hausten for eitt år. Ved oppstart gjeld valet ut skuleåret 2012/13. Fyrste møte blir våren 2012, og ordninga skal evaluerast våren 2015. Elevrepresentantane må vera godt forankra i elevråd på kvar skule. Skulane må leggja til rette for at elevane ved skulen arbeider med dei sakene som skal opp, før møta i Barnas kommunestyre.
Organisering
Det skal vera to møte per skuleår, medio november og april. November er kontinuering – og skulane har valt nye representantar på førehand. Skulefagleg ansvarleg kallar inn til møtet og skriv referat.
Tidsrom 1030 – 1230 i kommunestyresalen på rådhuset. Servicetorget ordnar med buss og mat. Elevane får skyss til og frå skulen slik at dei når skulebussane når dei skal heim.
Innhald
I novembermøtet får nye representantar høve til å stilla spørsmål til ordførarar. I aprilmøtet er hovudsaka bevillingssaker – der kr. 40 000,- blir fordelt på skulane.For begge møta gjeld at skulane skal senda inn svar på førehand.
Elevrådet førebur saker og sender inn til i god tid til ordføraren.
Innkalling blir sendt til den vaksne elevrådsrepresentanten med kopi til rektor. Dei tek utskrift av innkallinga og gir til elevrepresentantane.
Typisk agenda for barnas kommunestyre
- Matøkt
- Velkommen
- Namneopprop
- Godkjenning av innkalling
- Godkjenning av sakliste
- Godkjenning av møteprotokoll
- Saker
- Eventuelt
Les artikkelen om barnas kommunestyre 21. januar 2025
Sist endra 12.08.2026 08.50