Fosterheim og adopsjon

Ein fosterheim er ein privat heim som får ansvar for barn eller ungdom som ikkje kan bu hos sine biologiske foreldre. Fosterheimen skal gi barnet den daglege omsorga for ei kortare eller lengre periode.

Jente med familie - Klikk for stort bilete Pasja1000 frå Pixabay

Ønsker de å bli fosterheim?

Å bli fosterheim er å velja og ta på seg eit svært viktig, krevande og givande samfunnsoppdrag. Det er barn og unge i alle kommunar som har behov for fosterheimar med trygge, tilgjengelege vaksne som kan gi dei den omsorga og oppfølginga dei har behov for.

Dersom ein ønsker å bli fosterheim, bør ein ha gjennomført PRIDE-kurs via Bufetat

Etter gjennomgått PRIDE-kurs vil det bli utarbeida ein rapport. Barneverntenesta får oversendt PRIDE-rapporten og startar ein godkjenningsprosess dersom ein vurderer at de er den rette fosterheimen for det enkelte barn.

Ein godkjenningsprosess inneheld mellom anna samtalar, heimebesøk og treffpunkt med barnet og biologisk familie. Gjennom godkjenningsprosessen er det viktig med open dialog mellom barnevernetenesta og fosterheimen, slik at begge er trygge på at dette er den rette heimen for barnet.

Ta kontakt med barneverntenesta dersom de kjenner til eit barn de veit treng fosterheim, og som de kan tenka dykk å vera fosterheim for. Dersom de ikkje har PRIDE-kurs, vil barneverntenesta bistå med naudsynt kursing og opplæring.

Krav til fosterheim

Som fosterheim blir det stilt fleire krav til dykk. Ut over gjennomført kursing og opplæring, ventar barneverntenesta at fosterheimen tek imot den rettleiinga som blir tilbode, samt dei kurs og opplæring ein får tilbod om frå Bufetat.

Den første tida i fosterheim er ofte krevande både for barnet og fosterheimen, og det er vanleg at ein er frikjøpt frå arbeidet sitt det første året. Behov for vidare frikjøp blir vurdert saman med fosterheimen. Nokre barn og unge har behov for at dei vaksne er frikjøpt i større eller mindre grad ut over det første året, og barneverntenesta ventar at fosterheimen er motivert for dette.

Barneverntenesta ventar eit gjensidig samarbeid mellom fosterheimen og barneverntenesta. Det er også viktig at fosterheimen klarar å samarbeida med barnet sin biologiske familie.

Oppdrag som fosterheim krev at ein legg fram politiattest.

Når de er fosterheim

Som fosterheim er barneverntenesta tilgjengelege for dykk, og de får råd og rettleiing etter behov. I Etne og Vindafjord barnevernteneste får fosterheimane rettleiing frå familieteamet og kontaktperson. Oppfølging av familieteamet blir individuelt tilrettelagt, men det er vanleg med eitt til to treffpunkt i månaden.

Det blir gjennomført fire faste fosterheimsbesøk i året av kontaktperson. Kontaktperson og rettleiar frå familieteamet samarbeider og evaluerer rettleiingsbehovet jamnleg saman med fosterheimen.

Fosterheimar er tilsette av barneverntenesta for å gi barnet den daglege omsorga, og mottek økonomisk godtgjersle for dette. 

Meir om fosterheim på Bufetat sine nettsider

Samvær og tilsyn

Barnet eller ungdommen vil ha jamnlege samvær med sine foreldre. Kor hyppig blir avgjort i vedtak frå fylkesnemnda.

Det er ikkje uvanleg at barnet får reaksjonar i forkant eller etterkant av samvær. Reaksjonane kan vera knytt til både spenning, glede, sakn, uro, bekymring og andre kjensler og opplevingar.

Det er viktig at fosterforeldra er tilgjengelege både emosjonelt og praktisk for barnet i samband med samvær. Fosterforeldre pleier ikkje delta på samvær, men ein ventar at dei er tilgjengelege for barnet, både praktisk og emosjonelt etter behov.

I nokre familiar er det naudsynt med tilsyn under samvær. I Etne og Vindafjord barnevernteneste blir tilsyn utført av tilsette i tenesta.  

Adopsjon

Meir om adopsjon på Bufetat sine nettsider

Kontaktinformasjon

Etne Vindafjord barnevernteneste
Telefon 90 24 63 59

Opningstid
Frå klokka 08.00 - 15.30

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Vakttelefon (kveldstid og helger)
90 17 05 91 

Alarmtelefonen for barn og unge
116 111