Prisar og betaling

Betalingssatsar

Takstane er vedteke av kommunestyret og gjeld frå 1. januar 2021

Takstar for kommunale barnehagar
Tilbod Takst
2 dagar per veke 1695 kroner
3 dagar per veke 2205 kroner
4 dagar per veke 2725 kroner
5 dagar per veke 3230 kroner (nasjonalt fastsett makspris)
Søskenmoderasjon
For søsken er det full pris for det første barnet.
Andre barn 30 prosent
Tredje barn og fleire 50 prosent
Ved søsken i kominert barnehage/familiebarnehage, får eldste barn moderasjon.
Pris andre tenester
Matpengar per måltid 15 kroner
Kjøp av ekstra dag 370 kroner
Gebyr for seint henting av barn 280 kroner per påbegynt halvtime

Søskenmoderasjon

30 prosent for barn nummer to, 50 prosent for barn nummer tre og eventuelt fleire barn.

Reduksjon i foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage

Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushald med låg inntekt.

Du har rett på redusert foreldrebetaling om maksimumsprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til familien eller hushaldet.

Gratis kjernetid (20 timar per veke) gjeld for 2-, 3-, 4- og 5-åringane i familiar og hushald med samla årsinntekt under 566.100 kroner. Frå 1. august 2021 er inntektsgrensa 583.650 kroner.

Foreldrebetalinga vert rekna ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar vert rekna som eit hushald.

Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

Dokumentasjon av inntekt

Skattemelding(ane) skal leggast ved søknaden som dokumentasjon på inntekt. Dersom ikkje alt er registrert på skattemeldinga av skattepliktig person- eller kapitalinntekt, må du å opplysa om dette ved søknad.

Dersom du ikkje kan legge fram skattemelding (sjølvmelding), til dømes på grunn av kort butid i landet, kan du legga fram annan dokumentasjon på inntekt. Kommunen gjer ei individuell skjønnsvurdering.

Du kan legga fram annan dokumentasjon for inntekt, eller søka gjennom året, dersom det er vesentleg og varig endring i inntekta til hushaldet. Vesentleg og varig endring kan til dømes vera tap av inntekt som følge av langvarig arbeidsløyse, endring i samansetting av hushald eller liknande. Merk at reduksjonen då får verknad frå første faktura etter godkjent mottatt søknad.

Slik søker du

Du søker elektronisk gjennom Visma Flyt Barnehage sin føresetteportal.

Søknadsfrist

Ordinær søknadsfrist for redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid er 23. juni for kommande barnehageår (2021/2022). Søknadane blir behandla fortløpande. Det kan ta inntil 3 veker før du får svar. 

Du kan i tillegg søka gjennom heile året. Om du søker etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet. Dersom rekning er fakturert, skal ein betala sjølv om prisreduksjon er gitt. Prisreduksjon vert trekt frå på neste faktura.

Merk at du må søka på nytt for kvart barnehageår.

Les meir om foreldrebetaling her

Treng du hjelp til å søka?

Ta kontakt med sentralbordet på 53 65 65 65
eller send e-post til postmottak@vindafjord.kommune.no.