Søka, bytta eller seia opp barnehageplass

  • Frist for å søka barnehageplass er 1. mars kvart år
  • Du søker plass i Visma Flyt Barnehage
  • Du må endra eller seia opp plass 3 månadar før du vil det skal gjelda

Søknadsfrist

Fristen for å søka om barnehageplass er 1. mars. Det er felles samordna opptak for alle dei 7 kommunale og 3 private barnehagane i kommunen.

Slik søker du 

Du søker om plass i det barnehageadministrative systemet:

Visma Flyt Barnehage

Endra eller seia opp barnehageplass

Du loggar på Visma Flyt Barnehage for å gjera endringar eller seia opp barnehageplassen.

Merk at ein beheld plassen til den vert sagt opp.

  • Søknadsfrist for endring av plass er 3 månadar
  • Søknadfrist for oppseiing er 3 månadar

Kontaktinformasjon

Inger Kathrine Sundve
Barnehagefagleg ansvarleg og logoped
Oppvekst
E-post
Telefon 53 65 65 38
Mobil 975 74 954