Tilsynsmynde

Det er Vindafjord kommune sitt ansvar å gje rettleiing og sjå til at barnehagar vert drive i samsvar med regelverk, og føre tilsyn med verksemder etter barnehagelova. Tilsyn kan vera både varsla på førehand og uanmeldt.

Vindafjord kommune

Korleis går du fram dersom du er misfornøgd med barnehagetilbodet i din barnehage? Barnehagemynde skal sjå til at både dei kommnale og private barnehagane driv i samsvar med barnehagelova med forskriftar.

Saker som er viktig for alle foreldre i din barnehage

Dersom du vil ta opp saker som er viktige for alle foreldre, kan du ta det opp med barnehagen sitt samarbeidsutval (SU). Alle barnehagar skal ha eit samarbeidsutval som består av representantar frå foreldre og tilsette i barnehagen og eventuelt barnehagen sin eigar. I kommunale barnehagar er politikarar representert i samarbeidsutvalet.

Er du bekymra for tilbodet til ditt barn?

Barn har i følgje Barnehagelova rett til eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø. Er du bekymra over at ditt barn ikkje har det godt i barnehagen, oppmodar me deg til å snakka med barnehagen først, før du går vidare til eit høgare nivå.

Slik går du fram

Kontakt barnehagen først

Dersom du ønskjer å klage, eller sende ei bekymring på barnehagen sitt pedagogiske eller trivselsmessige tilbood, bør du først ta kontakt med styrar eller dagleg leiar i barnehagen. Då gir du barnehagen moglegheit til å løyse saka på lågast mogleg nivå. Slike høve vert regulert av barnehagelova og forskriftar i den.

Kontakt barnehageeigar

Dersom du ikkje opplever å bli høyrt når du tek kontakt med einingsleiar/dagleg leiar/styrar må du ta kontakt med barnehageeigar. Kontaktinformasjon til barnehageeigar finn du på heimesida til kommunen.

Klage til tilsynsmynde

Opplever du å ikkje bli møtt på din klage eller bekymring, verken fra einingsleiar/dagleg leiar/styrar eller barnehageeigar? Då kan du sende ei skriftleg klage til barnehagemynde og tilsynsmynde i brev til Vindafjord kommune:

Vindafjord kommune ved oppvekst
Rådhusplassen 1
5580 Ølen

Skriftlege henvendingar til Vindafjord kommune blir automatisk registrert i det kommunale saksarkivsystemet.

Kva skjer med klaga mi?

Når barnehagemynde mottar klaga, vurderar me først om innhaldet er omfatta av barnehagelova.

Innhaldet i klaga vil bli formidlaskriftleg til barnehageeigar, som vil få moglegheit til å uttale seg om saka til barnehagemynde. Teiepliktige opplysningar vil unntas offentlegheita. Me gjer dykk merksemd på at det ikkje hindrar at nokon kan be om innsyn i saka, blant anna media, men teiepliktig informasjon blir då bli fjerna.

Når me har mottatt barnehageeigar sitt tilsvar, vil barnehagemynde vudera om saka vert avslutta eller skal følgjast opp vidare. Du som har sendt inn klaga vil få ei tilbakemelding på korleis klaga vert følgt opp av barnehagemynde.

Overordna plan for barnehage og skulemiljø i Vindafjord kommune

Våre verkemiddel er

Rettleiing (barnehagelova § 10)

Dersom barnehagemynde vurderar at det er fare for regelverksbrot, kan me vurdere rettleiing med barnehageeigar. Rettleiinga har som mål at barnehagen skal drive i tråd med regelverket. Rettleiingsprosessen og saksgang i rettleiinga er mellom barnehagemynde og barnehageigar.

Tilsyn (barnehagelova §53)

Dersom barnehagemynde vurderar at det er fare for regelverksbrot, kan me vurdera å opne tilsyn. Tilsynsprosessen og saksgang i tilsynet er mellom barnehagemynde og barnehageeigar. Etter eit tilsyn er gjennomført mottek barnehagen ein rapport. Avdekkjer barnehagemynde brot på barnehagelova med forskrifter, vil barnehagen få varsel om pålegg om retting. Saksgangen følgjer forvaltningslova sine prinsipp.

Plan for systematisk tilsyn i barnehagane

Plan for tilsyn med barnehagar i Vindafjord kommune (PDF, 294 kB)

Stadlege tilsyn

Varsla stadleg tilsyn

Dette er den vanlegste tilsynsforma. Tema for innhaldet i tilsynet blir fastsett av tilsynsmynde. Valet er basert på risikovurderingar. Barnehageigar blir varsla om tilsynet og har i forkant høve til å forbtre uttale om tema knytt til barnehagelova og rammeplanen.

Hendingdbasert tilsyn

Denne type tilsyn er basert på aktuelle hendingar eller forhold som kan oppstå i ein barnehage. Tilsynet blir ofte utløyst av klager og bekymringsmeldingar frå føresette, tilsette eller andre. Det hendingsbaserte tilsynet kan vera meldt eller uanmeldt og avdekkjer eit der og då forhold.

Dokumentbasert tilsyn

Dialogmøte

Vindafjord kommune gjennomfører årleg dialogmøte med samtlege barnehagar. Alle barnehagar skal svare på eit skjema som blir sendt ut. I dialogmøta er det fleire dokumentasjonskrav som skal synliggjera at barnehagen sin struktur- og innhaldskvalitet er i tråd med lovkravet. Dersom tilsynet avdekkjer forhold som avviker fra Lov om barnehagar, blir dette rapportert tilbake til barnehagen med ein tidsfrist for å rette det opp. Dialogmøta er fysisk på rådhuset i Ølen.

Årsmelding

I midten av desember, kvart år, rapporterar barnehageeigar om barnehagen sin strukturkvalitet til statistisk sentralbyrå (SSB). Rapporteringa gir tilsynsmynde grunnlag for å vurdera om barnehagane oppfyller krav til strukturkvalitet i tråd med krav i lov og forskriftar. Strukturkvalitet inneberer blant anna arealutnytting og pedagogdekning.

Relaterte lenker

Lovar og retningslinjer


Lov om behandlingsmåten i forvaltningssakar (forvaltningslova) 


Anna regelverk som er relevant for tilsyn med barnehage