Vindafjord utdannar eigen logoped

Får 1. august er Inger Kathrine Sundve ferdigutdanna logoped, ein etterlengta rolle som kommunen har måtta leige inn eksterne for tidlegare. 

Cheryl Holt frå Pixabay

Ho vil starte i ein kombinert stilling, der ho held fram som barnehagefagleg ansvarleg i tillegg til å vera logoped. I første omgang er det barn og unge, men med tida kan det utvidast dersom det er behov innan helse også. Sundve har studert i to år, i tillegg til full jobb. Ho har studert i Bodø, men det siste året har det meste foregått digitalt grunna Covid-19. Meir informasjon om korleis logopedtenesta vert organisert kjem etter at saka har vore oppe til behandling i kommunestyret i juni.