Vil du vera med på laget?

Å jobba i kommunen er å jobba for folk, og nå treng Vindafjord fleire med på laget. Me treng mellom anna vikarar i oppvekst, reinhald og helse og omsorg framover.

Mary1826, Pixabay

Har du lyst og tid, bør du søka.

Me har behov for alle slag folk. Er du til dømes pensjonert helsefagarbeidar eller pedagog, eller student som har litt tid til overs, kan du nå jobba ekstra og tena så mykje du vil. Pensjonen blir ikkje avkorta, og for studentar vil stipendet ikkje bli påverka. Denne ordninga gjeld for oppvekst og helse fram til juli 2022.

Vindafjord kommune har stort behov for ringevikarar innan reinhald, barnehage og skule og pleie og omsorg. Og me treng hjelp frå deg!

Søk via kommunen si nettside under ledige stillingar

Har du spørsmål, ta kontakt med

Klikk på namnet, så får du opp kontaktinformasjon.

Heimetenester
Kitty Soltvedt

Ølen omsorgsenter og Vindafjordtunet
Annelin Bauge

Barnehage og skule
Svein Carlos Nilsen Gjil

Reinhald
Lillian Vormestrand