Vågen oppvekstsenter sin nye leiar i sving

Åse Markhus Berge har skifta leiarstol frå Bjoa oppvekstsenter til Vågen oppvekstsenter. Ho starta måndag denne veka og gler seg veldig til denne nye utfordringa. Ho har vore einingsleiar på Bjoa i fire år. 

Åse Markhus Berge er i gong som einingsleiar for Vågen oppvekstsenter Nils Erik Eide

Kommunestyret vedtok sommaren 2022 at frå hausten 2023 skal Vågen slå saman skule og barnehage og bli til ei eining, same prosess i Sandeid. Dei heiter då oppvekstsenter frå 1. august. Åse Markhus Berge skal altså leia denne eininga med tidlegare einingsleiar for barnehage Sofie Haugland som avdelingsleiar. 

- Eg gler meg veldig, det skal bli kjekt å ta i mot tilsette og barn/elevar om nokre veker, seier Åse Markhus Berge, vår nye einigsleiar på Vågen oppvekstsenter. 

Les også: Skal leie Vågen oppvekstsenter