Ung Data 2022 - presentasjon av resultat

I dag blei resultat frå Ung Data 2022 lagt fram. Sven Gustafsson frå Korus Stavanger presenterte og la fram resultata på ein slik måte at det var enklare å tolka og forstå tala.
Sven Gustafsson frå Korus Stavanger presenterte Ung Data resultata for politikarar og tilsette. Gunnbjørg Nesbu  

Politikarar og tilsette i kommunen deltok på presentasjonen, som kan sjåast i opptak på kommunetv.

Ungdata- undersøkinga er ei lokal ungdomsundersøking der elevar over heila landet svarar på korleis ein har det, og kva ein driv med på fritida. I Vindafjord blei undersøkinga gjennomført i mars 2022 (ungdomsskule og vgs). Undersøkinga tek føre seg eit breitt spekter av temaområde. Det handlar om føresette, vener, skule, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse, trivsel, rusmiddelbruk, seksualitet risikoåtferd og vald.