Ukrainakveld på Imsland skule

Over 10.000 kroner vart samla inn då elevane ved Imsland skule arrangerte Ukrainakveld torsdag ettermiddag.

Bente Tednes Gjil

Ein kunne blant anna få manikyr og tippa vekt av påskeegg. Ettermiddagen vart avslutta med auksjon. Den som vann auksjonen fekk klippa bandet til det nye leikeapparatet Imsland skule og barnehage har fått.

Det var flott oppmøte, og pengene er gitt til Flyktninghjelpen. Tusen takk til engasjerte elevar, og takk til alle som kom!

Bente Tednes Gjil