Tilstandsrapport for grunnskulen 2020

Tilstandsrapporten er eit sentralt element i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Regjeringa har fastsett mål knytte til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø som grunnlag for å vurdere kvaliteten i grunnopplæringa.

I tilstandsrapporten blir det presentert eit utval av all den informasjonen som er tilgjengeleg for skuleverket. Tala er henta frå 2020. Resultat på nasjonale prøver, elev- og trivselundersøkinga er frå skuleåret 2020–21. Det vart ikkje gjennomført eksamen våren 2020 grunna korona. 

Vindafjordskulen jobbar for systematisk med at barn og unge skal ha eit psykososialt miljø i barnehagen og på skulen. Ved å jobbe systematisk kjem ein nærare målet om å ha nulltoleranse mot mobbing. Det er og svært viktig at alle skular tar opplæringslova §9A på alvor og lyttar til eleven når dei kjenner seg krenka eller mobba. Arbeidet med å analysera elevresultat er godt forankra i skulane, og alle jobbar skulebasert ved hjelp analysekompetansen for å hjelpa den enkelte elev til å læra mest mogleg. Alle skulane skal bruke tid til å analysera resultatet på til dømes nasjonal prøve og eksamen, dersom det må til må ein endra praksis i klasserommet. Gjennom den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling skal alle skulane våre og eigar delta i langsiktlege kompetansetiltak som involverer alle nivå. Elevar som kjem seint i gang med lesing og skriving fyrste skuleår, skal ha særskild oppfølging og eventuelt tilbod om tidleg utgreiing av PPT.

Les tilstandsrapporten for grunnskulen i Vindafjord 2020 her (PDF, 2 MB)