Tilskot frå Udir til sommaraktivitet

Vindafjord kommune søkte Udir om tilskot til nye og utvida sommarskuletilbod i samband med koronapandemien.
Tiltaket skal bidra til at kommunane kan oppretta nye sommerskuletilbod.

Treningsapparat, klatrestjerne og padelbanen i aktivitetsparken. - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Vindafjord fekk tildelt 1.033.000 kr til dette og førebuinga er godt i gong.

Tilsotet skal bidra til at kommunane kan opprette nye sommerskuletilbod, eller utvida eksisterande tilbod, slik at elevear i grunnskulen får ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i skulen sin sommarferie i 2021, og at elevar kan få moglegheit til å få fagleg påfyll. Tilskotet skal brukast i perioden skulen har sommarferie. 

Sommerskuletilbodet må tilpassast lokale forhold og kan vera ulikt frå kommune til kommune. Tiltaket gir kommunen moglegheit til å tilretteleggja sommaraktivitetar for elevar i grunnskulen. 

Kommunen kan inngå samarbeid med idrettslag, kulturskule, foreiningar, leirskuler osb. tilpassa sine lokale forhold. 

Tilskotet kan også nyttast til kjøp av eksterne aktørar, tilbodet skal vera gratis for elevane. 

Delar av midlane kan også nyttast til å tilsetja koordinator og aktivitetsleiarar. Det er viktig at ein held seg til gjeldande smittevernrettleiarar når ein skal gjennomføra aktivitetar. 

I Vindafjord er det lagt til rette for eit godt samarbeid på tvers av tenestane for å få eit godt tilbod til sommaren. 

Meir informasjon kjem frå kommunen på heiemsida etter kvart.