Tildelt tilskot til kompetanseløftet

Tilskot til lokal kompetanseutvikling er et viktig verkemiddel staten har for å støtte opp under arbeidet med kvalitetsutvikling i barnehage og skule.

Tilskotet skal bidra til å styrke kollektiv kompetanse for laget rundt barnet og eleven. Målet er å leggje til rette for kompetanseheving hos barnehage- og skuleeigar, barnehage og skule, PP-tenesta og det tverrfaglege støttesystemet som inngår i laget rundt barnet og eleven. 

Midla skal bidra til å styrke kollektiv kompetanse i barnehage og skule ut frå lokale behov, gjennom partnarskap med universitet eller høgskule. Partnarskapet mellom universitet eller høgskole og praksisfeltet skal også bidra til å styrke lærarutdanningane.

Statsforvaltaren i Rogaland har tildelt 450 000 kroner til Vindafjord kommune til forprosjekt i 3 semester frå hausten 2022, same sum er også tildelt Høgskulen på Vestlandet som ledd i partnarskapet. 

Vindafjord kommune har utarbeidd søknaden i samarbeid med Etne kommune, som me har interkommunale tenestar saman med (barnevern, PPT). Statsforvaltaren i Vestland held på med tildelingsprosessen i desse dager. Me ventar i spenning på om Etne også får tildelt midlar til dette. 

Her kan du lesa meir om kompetanseløftet

Les også rettleiaren helse og PPT er eit felles lag rund barn og unge