Sommarmøtet oppvekst 2023

Tradisjonen tru samla kommunalsjef oppvekst alle sine leiarar på sommarmøte denne veka. I tillegg til planlegging av året som kjem var det rom for inspirerande føredrag "Levande leiarar" med Anne Hilde Hals.

Frå sommarmøtet 2023 i oppvekst på Stord hotell Nils Erik Eide

Seminaret, som var på Stord Hotell, starta med litt repetisjon på kva det vil seia å jobbe i ein politisk styrt organisasjon. På sommarmøtet var nye leiarar og avdelingsleiarar invitert så det var nyttig for alle å få denne gjennomgangen. 

Vidare jobba deltakarane med å førebu orienteringssaka som kommunestyret bestilte om "Innsparing Oppvekst". 

Siste del av dag 1 var føredrag saman med oppvekst Suldal kommune "Levande leiarar" med Anne Hilde Hals frå Skagerak Consulting. 

Anne Hilde Hals holdt føredrag "Levande leiarar" for oppvekst i Vindafjord og Suldal Nils Erik Eide

Andre dag blei brukt til arbeid med kommuneplanen, tverrfagleg arbeid og informasjon om nye rettleiarar og rutinar i oppvekst. Det var også rom for å informera om arbeidet med kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. 

Programmet for sommarmøtet.