Sommarles er i gang

1. juni og sommarles har starta, og me på biblioteket er klare til å finne kjekke bøker og til å dela ut premiar til elevane når dei når level 10, 20, 30, 40 og 50. 

Bli med på den kulaste lesekampanjen i sommar. Historia i år heiter "Den magiske regnskogen".  Gå inn på www. sommarles.no - Klikk for stort bileteBli med på sommarles. www.sommarles.no

Kva er sommarles?

  • Ein nasjonal, digital lesekampanje i regi av folkebiblioteka i heile landet,  som varer frå 1. juni til 31. august, og er laga for å motivere barn til å lese av eiga lyst.
  • Alle elevar i 1. til 7. klasse kan delta, også dei som skal begynne i 1. klasse til hausten og dei som går ut av 7. klasse ved kampanjestart.
  • Sommarles.no er i utgangspunktet ein digital kampanje, men det er også mogleg å få lesekort på biblioteket og delta analogt. På nettsida kan barna samle poeng for kvar side dei les, sjå kva venner les og skaffe seg digitale trofé som dei kan samle på. Dei kan også følge ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og svare på oppgåver i tilknyting til forteljinga.
  • Barna blir premierte for innsatsen sin med digitale trofé på profilen sin, og med fysiske premiar som dei kan hente på biblioteket.
  • Sommarles er for alle, både superlesarar, middels gode lesarar og dei som treng hjelp eller er i ferd med å lære seg å lese. Dei må ikkje lese sjølve, men kan velje å høyre på lydbøker eller lesast høgt for.
  • Barn som les jamleg i løpet av sommaren, styrkar leseferdigheitene sine gjennom ein lang ferie. Nokre les på fritida, men vi veit at dei barna som ikkje gjer det, stiller med eit dårlegare utgangspunkt ved skulestart.

Premiane: 

Level 10: Armband

Level 20: Val mellom armband, stein utan anheng, frøpose eller noko i diversekorga

Level 30: Val mellom armband, lærreim med smykkestein, lærreim med haitann, lærreim med pilspiss  eller noko i diversekorga.

Level 40: Fritt val mellom premiar frå level 10-20. Pluss høve til å vinne gåvekort på kinobillett. Me trekk ut fire vinnarar 1. september.

Level 50: Fritt val mellom premiar frå level 10-20. Pluss høve til å vinne gåvekort på Ølen bok og papir. Me trekk to vinnarar 1. september.

 

Ein kan henta premiane ved biblioteket når me har ope, eller gje oss beskjed om å sende dei med «Bok i butikk» ordninga. Ein kan då kvar onsdag hente premiane hjå Joker Vikedal, Shell Sandeid, Shell Knapphus, Frøken Fryd, Joker Vikebygd eller Matkroken Imsland, etter at ein har fått ein SMS. Ein kan ta kontakt via telefon eller e-post for å tinga. Når ein er logga inn i Sommarles er det høve til å sende melding til biblioteket.