Skulenærvær - kvar time tel!

Alle barn i Noreg har rett og plikt til grunnskuleopplæring. Det er utarbeida ein rettleiar for å skulenærvær, fordi kvar skuledag er viktig.
Photo by samer daboul from Pexels

Tidleg innsats nyttar.

Om barnet ditt strevar med å gå på skulen, er det viktig å snu den vonde sirkelen så fort som mogeleg.

Ulike typar fråvær

Lærevanskar utløyser ikkje problematisk fråvær, men barn og ungdom med fråvær, kan få problem med læring og læringsutbyttet sitt. 

Kjenneteikn ved vegring

Barn som vegrar seg med å gå på skulen kan ha ubehagelege kroppslege reaksjonar som hovudvondt, magevondt, kvalme, skjelving, sveitting, kort pust, ryggsmerter, brystsmerter eller søvnvanskar. Dei engstelege barna  har lita tru på å hamla opp med ein bestemt urovekkande situasjon. Nokon har stort behov for merksemd og søkjer intenst å bekrefta seg sjølv. Ikkje sjeldan kjenner dei seg åleine og forsterkar dette ved å isolera seg. Kontakten med jamaldringar kan dermed verta svært liten. Andre er avhengige av å ha ein bestemt venn gjennom heile skuledagen. Nokre viser ekstrem heimlengsel og frykt for å verta skilt frå foreldre. Desse barne vil ofte ringja heim for å forsikra seg om at foreldra her det bra og ikkje har vorte utsette for ulukke eller sjukdom. Angsten kan vera høgst reell der foreldre rusar seg, lever i valdelege forhold eller er sjuke, men angsten kan også vera urimeleg, overdriven og urealistisk i forhold til situasjon.

Tiltak som hjelper om barn eller unge strevar med å gå på skulen:

  • Snakk med barnet, prøv å forstå kva som ligg bak og ta barnet på alvor. Ta kontakt med lege etter behov.
  • Forsking viser at heimeundervisning ikkje er formålstenleg tiltak.
  • Dersom du trur mobbing er grunnen, tek du kontakt med skulen.
  • Dersom du trur grunnen til fråværet er andre konkurrerande aktivitetar som PC-spel, TV eller liknande, tek du dette bort.
  • Dersom du trur depresjon og angst er grunnen er det viktig at du toler og tolerer barnet sine kjensler og tankar. Dette betyr ikkje at du skal hjelpa barnet til å unngå det barnet fryktar. Du skal hjelpa, støtta og leia barnet gjennom det ubehagelege. Unngåing aukar angsten og kjensla av å koma til kort. Ved å få hjelp til å gå gjennom, vil barnet læra eigen kontroll over angsten.
  • Gje positiv tilbakemelding på alt barnet meistrar; også for å prøva.
  • Ignorer uønskt åtferd og repeterande engsteleg kommunikasjon. Gi ros og merksemd til modig åtferd. “Det du gir merksemd, gir du kraft”
  • Bruk strategiar for avspenning som kan hjelpa barnet som er oppspilt og bekymra, som ein spasertur, musikk, lesing eller fylgje til skulen.  

Utdrag frå skulen sin handlingsplan:   

      Føring av fråvær

  • Det er skulen sitt ansvar å ha system for registrering av fråvær hos elevane.
  • Kontaktlærar har dagleg ansvar for at dette vert gjort og å ha oversikt over fråværet.
  • Timelærar har dagleg ansvar for å føra fråvær.

      Kontakt mellom skule og heim om fråvær

  • Føresette skal gje grunngjeven melding til skulen ved alle typar fråvær. Melding skal skrivast i Visma Flyt Skole.
  • Føresette skal søkja eleven fri i forkant.
  • Føresette skal kontakta skulen på 1.fråværsdag og melda frå om årsaka til fråværet.
  • Dersom føresette ikkje tek slik kontakt, skal kontaktlærar ringja føresette til eleven 1.fråværsdag. Ved uro for fråværet vert rektor informert.
  • Kontaktlærar informerer heimen same dag ved alt ugyldig fråvær, det vil seia fråvær utan melding eller utan gyldig grunn. Rektor vert informert.
  • All kontakt med føresette eller elev knytt til fråvær, skal dokumenterast.

       Rutinar for oppfølging av alvorleg fråvær

  • Skulen fylgjer prinsipp, retningslinjer og tiltak knytt til vedteken rutine «Skulenærvær - kvar time tel!»
  • Skulen kallar inn til samtale og kartlegging ved urovekkjande fråvær. Tiltak vert sett inn og «Stafettlogg» nytta i samarbeidet.
     

MÅLET ER Å FÅ ELEVEN TILBAKE PÅ SKULEN SÅ RASKT SOM MOGLEG.

Samarbeid

Aktiv handling er viktig. Om ein ikkje klarar snu fråværssituasjonen raskt, treng alle involverte partar samarbeida målretta og systematisk over tid for å skapa endring.  Kommunen har handlingsplan for problematisk fråvær og nyttar denne i samarbeidet.

Les heile rettleiararen "Skulenærvær - kvar time tel!" her. (PDF, 695 kB)

Les heftet "Informasjon til føresette Skulenærvær - kvar time tel!" her. (PDF, 551 kB)