PPT med auka nærvær på einingane

PPT har i løpet av vinteren hatt ein intern prosess på korleis ein ønskjer å organisere seg frå hausten av. Dette vil innebera at einingane vil få ny PP-kontakt. 

PP-kontaktar frå venstre; Kari Synnøve Velde Haugen, Annlaug Wegner, Inger Kathrine Sundve, Solgunn Hannisdal Haanes, Magnhild Hjertaker, Wenche Hjelmtveit, Trine Hebnes Sonja H. Lærdal

Dei viktigaste endringane vil, i tillegg til ny PP-kontakt, vere at PP-kontakten aukar opp nærvær på einingane. Eit viktig mål er at PPT i større grad kan delta i organisasjon og utviklingsarbeid, knytt til barn/elevar/grupper som treng ekstra oppfølging og tilrettelegging. Dette vert også gjort for å støtte barnehagar og skular i å utvikle gode støttesystem for tidleg innsats på si eining. Kompetansen til PPT vil dermed kome tettare på dei barn og unge som treng det, og i større grad fungere som støtte til tilsette ute på einingane. 

Til grunn for denne måten å jobbe inn mot skular og barnehagar på, er henta frå både nasjonale og lokale forventningar til PPT.  Det har også vore ei målsetting i «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis» der Vindafjord saman med Etne har utarbeida ein kompetanseutviklingplan

Ein viktig presisering er at sakkunnighetsarbeid vil alltid ha (og skal ha) ein førsteprioritet. For at PP-kontakten skal kunne kome i posisjon til å gje god støtte til einingane på individnivå og systemnivå, er me avhengig av godt samarbeid og inkludering også på systemnivå.