Pedagogikk og strategi i barnehage- og skule

Ein overordna strategiplan for barnehage og skule i Vindafjord er no revidert. Den skal gje eit oversyn over dei satsingane som går føre seg i barnehagar og skular. 

Planen er revidert av ei arbeidsgruppe av to rektorar, to styrarar, tillitsvalde og barnehage- og skulesjef: 

Pedagogikk og strategi i barnehage- og skule

Kommunestyret er den formelle eigaren av barnehagane og skulane i Vindafjord. Eigar vedtek barnehage og skulane sine budsjettrammer og dei overordna visjonane og måla. Forankring hjå eigar er svært viktig for at endringar skal kunne gjennomførast.

Barnehagelova, rammeplanen, retningslinjer for barnehagen sitt verdigrunnlag, innhald og oppgåver. Opplæringslova, forskriftene og LK 20 gjev barnehagen og skulen eit oppdrag å utføre. Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis er ei oppfølging av Meld. St. 6 Tett på- tidleg innsats og inkluderende felleskap i barnehage og skole og SFO. Målet med ordninga er at alle kommunar, fylkeskommunar, barnehage - og skuleeigar skal ha tilstrekkeleg kompetanse tett på barna og elevane for å kunne førebyggje, fange opp og gje eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle, inkludert barn og elevar med behov for særskild tilrettelegging.

Barnehagen og skulen sitt planverk for oppdrag, fag og for faga sine målsetjingar er viktig for barn og elevar sin trivsel og læringsutbytte, men kompetanse er meir enn fag- det må og omfatte eleven sine personlege eigenskapar. Som vaksne har me eit ansvar for å sende frå oss “ganglege og sjølvstendige menneske”. Forsking fortel oss at fokus på “allmenndanning” gjev gode resultat. Eigenskapar som sosial og emosjonell kompetanse heng nøye saman med læring og er heilt naudsynte kompetansar for å kunne meistra barnehage, skule og arbeidsliv i framtida.