På utveksling i Vindafjord

Sam Skarstad og Anna Von Wald går på lærarutdanning på Augustana University og har observasjonspraksis på Vikedal skule. Universitetet, som er lokalisert i Sør-Dakota, har fleire studentar på utveksling i Noreg i januar.

Sam Skarstad og Anne Von Wald er lærarstudentar frå USA på studietur i Vindafjord Bente T. Gjil

Sam og Anna bur heime hjå Bente Tednes Gjil (rektor Vikedal skule) og Svein Carlos Gjil (barnehage - og skulesjef) i Jøsenfjorden. Augustana University er den same skulen som Bente og Svein Carlos gjekk på i 2006-2007. Etter dette har dei hatt kontakten med skulen på ulikt vis.

Svein Carlos og Bente studerte i USA i 2006-2007 på same universitet som studentane dei har hatt på besøk delar av januar. Privat

Dei første tre dagane var også professor Kathleen B Cook med dei, og hadde gode innlegg om åtferd og positiv forsterking for dei tilsette på Vikedal skule. Ho var også innom PPT og hadde ei fagleg økt med dei. Cook er ekspert på utagerande åtferd, som ho har forska på i 12 år. 

Professor Kathleen B Cook saman med studentane Anna og Sam på Vikedal skule Bente T. Gjil

Anna og Sam får delta i ulike klassar og oppleva korleis norsk skule er. Det at elevane får vera ute i friminutt i regnver var eit lite sjokk. "Så fantastisk at elevane får vera ute og få frisk luft sjølv om veret er dårleg!  På dei fleste skular i USA er elevane inne i klasserommet sjølv om det er friminutt og får lite moglegheit til å vera i aktivitet", seier dei.

Det har vore veldig fint for elevar å få øve seg på å prate engelsk med "vaskeekte" amerikanarar, og dei blir teke veldig godt imot av både tilsette og elevar.

I tillegg til å vera på Vikedal skule har dei deltatt på eit rektormøte der dei fekk fortelja om seg sjølve og studiene dei tek. Dei har også besøkt velkomstklassen på Ølen skule og vore innom rådhuset ein tur.

Sam og Anna snakkar om seg sjølve og utdanninga si på eit rektormøte Bente T. Gjil Anna og Sam var innom rådhuset ein tur og klarte ikkje å gå forbi legobordet utan å byggja eit stort tårn. Nils Erik Eide

Dei snakkar varmt om Vindafjord og skulane og folka dei har truffe, og ikkje minst at dei har blitt tatt så godt i mot i Jøsenfjorden hos ekteparet Gjil. Dei har fått oppleva mykje kjekt og kjem til å sakna Norge. 

Opphaldet i Jøsenfjorden har vore heilt fantastisk for Anna og Sam, heimbygda til ekteparet Gjil. Bente T. Gjil Sam og Anna har opplevd mykje kjekt på fritida under opphaldet i Jøsenfjorden. Bente T. Gjil

Dei reiser vidare til Lillehammer på fredag og avsluttar i Oslo dei siste dagane før dei drar heim til Sioux Falls i Sør-Dakota igjen.