På europeisk konferanse om lesing

Vindafjordskulen deltek på Erasmus-prosjektet READ ON konferanse om lesing og litteratur for oppvekst i Portugal 18.-20. oktober. Yan Krukov frå Pexels

Kommunen har fått midlar frå Direktoratet for kvalitet og internasjonalisering til å senda tilsette på konferansen.

Vindafjordskulen skal ha elevar med både leselyst og god lesekompetanse. Difor er lesing i alle fag og i eit inkluderande læringsmiljø sentralt i partnarskapsarbeidet vårt med Høgskulen på Vestlandet. I starten av dette samarbeidet (2019) blei det utarbeidd ein utviklingsplan med utgangspunkt i to av skulane våre. Hausten 2020 skulle det arrangerast ein europeisk konferanse om akkurat det ein fokuserer på i parntarskapet med Høgskulen på Vestlandet. Det blei då sendt ein søknad til ansvarleg direktorat om å kunna delta på ein slik konferanse. Søknaden blei innvilga.

Konferansen blei sjølvsagt utsett pga. koronasituasjonen, og det var lenge uklart om det ville bli mogleg å gjennomføre i år, heller. I mellomtida var tre nye skular involvert i partnarskapet med HVL om lesing, og det er nå tilsette frå Vågen, Skjold, Ølen og Vikedal skular som får sjansen til å delta.

Programmet ser spanande ut, det blir føredrag frå forskarar og andre involverte i lesing og litteratur, frå både Portugal, Sveits/Canada, Irland, Storbritannia og Norge. Det vil òg bli høve til å drøfte praksis med dei andre konferansedeltakarane.

Deltakarane våre gler seg til å få ny inspirasjon og nye idear til å utvikle praksis. Dette vil dei dele med resten av Vindafjordskulen i etterkant, slik at vi saman kan leggje til rette for at leselyst og høg lesekompetanse etter kvart vil prege heile Vindafjordskulen.