Oppvekstreforma i Vindafjord

I 2022 tredde barnevernsreforma i kraft. Føremålet er at barn som treng det, skal få hjelp til rett tid. Kommunane får eit større ansvar for barnevernet, og det førebyggjande og tverretatlege samarbeidet må styrkast. 

Cheryl Holt frå Pixabay

Barnevernsreforma er derfor også ei oppvekstreform. Barnevernsreforma gir kommunane eit større ansvar for barnevernet, både fagleg og økonomisk. Kommunane får det fulle økonomiske og faglege ansvaret når barn vert plassert i fosterheim. Det vil også bli høgare kommunale eigenandelar når barn har behov for statlege barnevernstiltak, dersom kommunane har behov for plass i barneverninstitusjon for eit barn. 

Det auka økonomiske ansvaret vil delvis bli kompensert gjennom auka rammetilskot til kommunane. Korleis tilskotet kan brukast på beste måte blir opp til den enkelte kommune. Det vil vera lønnsamt å satse på lokal førebygging og eit samordna familiestøttande arbeid. Tanken er at barn får best og meir tilpassa hjelp i nærmiljøet, fortrinnsvis med støtte frå familie og nettverk. 

Hovudmål med reforma

  • Kommunane skal styrke arbeidet med tidleg innsats og førebygging
  • Hjelpa skal bli betre tilpassa barn og familiar sine behov 
  • Rettsikkerheita til barn og familiar skal bli godt ivaretatt 
  • Ressursbruken og oppgåveløysinga i barnevernet skal bli meir effektiv 

Kommunestyret vedtok i møte 25.10.22 modell for implementering av oppvekstreforma i Vindafjord kommune gjeldande frå januar 2023 til desember 2026. 

Oppvekstreforma 2023 - 26, modell for implementering i Vindafjord kommune 2023-26

Modellen er også å finne på hemesida til kommunen under "Barn og skule" som eigen knapp.