Oppvekstreform tek form

Det skjer no store endringar i velferdslovgjeving knytt til barn, unge og deira familiar. Eit døme er barnevernlova. Samla kallas det no oppvekstreforma. Føremålet er å styrke tverrfagleg samarbeid i den einskilde kommune, men det vert opp til kommunen å avgjerda korleis dette skal gjerast.
Lisa Runnels frå Pixabay

Vindafjord har allereie rammeverket og tankegangen klar – me er ein BTI-kommune og har jobba med Betre tverrfagleg innsats systematisk over tid.

Endringane forkorta til 8 ord:
Eit barn – ein plan – rett hjelp - ein koordinator

Eller sagt på ein anna måte:
Laget rundt familien

Dette året vil ein nytta til å planleggja korleis dei nye krava, faglege føringar og økonomiske rammene best kan møtast i Vindafjord. Løysingane me finn vil ha innverknad på barn og deira familiar i generasjonar, og dei som jobbar rundt dei i vår kommune.

Sjå og les meir:

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/barnevernslov/id2842196/

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-100-l-20202021/id2838338/?ch=13