Oppvekstkonferansen 2022

9. november arrangerte Statsforvaltaren oppvektskonferansen 2022 med tema betre samhandling for utsette barn, unge og deira familiar. Vindafjord var godt representert på konferansen, både fysisk og digitalt. 

Statsforvaltar Bent Høie deltok aktivt på konferansen. Her frå avslutninga saman med konfransier Håkon Haugsbø . Nils Erik Eide

Stortinget har vedtatt nye bestemmingar om samarbeid, samordning og barnekoordinator i 14 velferdstenestelovar. Endringane tredde i kraft 1. august 2022. Målet med endringane er å få til betre samarbeid og samordning av tenester til barn og unge og deira familiar. Kommunane har fått ein tydelig plikt til å samarbeide og avklara kva tenester som skal samordna.

Her kan du lesa meir om lovendringane

Endringane stiller krav til leiarar og beslutningstakarar i kommunane. For å hjelpe kommunane i arbeidet med samordninga har Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet utarbeida ein tverrsektoriell rettleiar for dei nye bestemmingane. Rettleiaren blei publisert 15. september 2022 og Helsedirektoratet deltok på konferansen der dei presentererte den. 

Her kan du lese rettleiaren for samarbeid om tenester til barn, unge og deira familiar

Statsforvalteren i Rogaland samarbeidde med sentrale aktørar på velferdsområdet om årets konferanse :

  • Helse Stavanger 
  • Helse Fonna 
  • NAV 
  • KS 
  • Politiet 
  • Bufetat 
  • Rogaland fylkeskommune
  • Kriminalomsorgen

Her kan du lesa Vindafjord kommune sin vedtekne modell for samhandling - BTI modellen