OPOM på besøk i Vats barnehage

I dag var det Vats barnehage som fekk besøk av Utval for oppvekst og omsorg. Einingsleiar Rana Hamid hadde ei gjennomgang med faktaopplysningar og beskriving av kvardagen i barnehagen.

Frå presentasjon for OPOM 7. mars 2022

Det kom mange spørsmål frå engasjerte og interesserte politikarar som også tok ei runde rundt i barnehagen. 

Vats barnehage er som kjent ikkje bygd som barnehage, men har stor boltreplass i den gamle skulen i Øvre Vats. Flott leikeområde ved barnehagen, i tillegg til gode turmoglegheiter i nærområdet, gir både "oppturar på toppar" og tidar der barnehagen kjem "på glattisen". Barnehagen var den i kommunen som var raskt ute med å kjøpe inn våtdraktar til barn og personalet. Dei held fram med turar til vatn og sjø langt utover haust, frå tidleg vår. Fleire barnehagar har har tatt etter og har vanntilvenning og begynnande symjeopplæring ute "på skikkeleg" i vatn eller sjøen, i tillegg til nokre timar i basseng.