OPOM besøkte Vikedal og Imsland

Utval oppvekst og omsorg reiste i dag vidare på besøksturneen sin i samband med at det pågår eit arbeid med barnehage- og skulebruksplan. Sist fredag la kommunedirektøren fram planutkastet sitt ut til høyring.
Opom får her orientering om Imsland skule og barnehage av einingsleiar Bente Tednes Gjil Svein Carlos Nilsen Gjil  

Før jul var OPOM på besøk til einingane Vik barnehage og skule, Bjoa barnehage og skule, Vats skule og Sandeid skule. I dag var det Vikedal skule og Imsland skule og barnehage sin tur til å få det politisk utvalet på besøk. 

Under besøket hadde einingsleiarane følgjande agenda som dei skulle presentere for politikarane: 

  • Innleiing, fakta om eininga og drifta
  • Kort synfaring m/spørsmål
  • Eininga inn i framtida
  • Utfordringar med dagens situasjon
  • Suksesshistorie, kva som er bra med eininga og plassen
  • Logistikk (skyss, overgangar mm)
  • Spørsmålsrunde

Politikarane viste som vanleg veldig interesse under besøka, og stilte gode og avklarande spørsmål.