OPOM avslutta synfaringsrunden i oppvekst

Denne veka runda OPOM av si synfaringsferd på einingane i oppvekst i samband med at barnehage - og skulebruksplanen skal opp til behandling i mai/juni dette året.OPOM besøkte Ølen skule og Sandeid barnehage som siste einingar på synfaringsrunden til utvalet Nils Erik Eide

Dei to siste einingane som tok i mot utvalet denne veka var Ølen skule og Sandeid barnehage. 

Under besøket hadde einingsleiarane følgjande agenda som dei skulle presentere for politikarane: 

  • Innleiing, fakta om eininga og drifta
  • Kort synfaring m/spørsmål
  • Eininga inn i framtida
  • Utfordringar med dagens situasjon
  • Suksesshistorie, kva som er bra med eininga og plassen
  • Logistikk (skyss, overgangar mm)
  • Spørsmålsrunde

Politikarane viste som vanleg veldig interesse under besøka, og stilte gode og avklarande spørsmål. 

Les også: 

OPOM på synfaring

OPOM besøkte Vikedal og Imsland

OPOM på besøk i Vats barnehage