Omvisning på rådhuset

Utval for oppvekst og omsorg hadde i dag nest siste møte før sommaren og i den samanheng fekk dei ei omvisning på rådhuset med spesielt fokus på dei tenestene som er innafor deira område. 

OPOM på omvisning på rådhuset, her fortel avtroppande PPT leiar Liv Ingunn H. Medhaug om arbeidet til PPT. Nils Erik Eide

I løpet av dei fire åra dei har vore medlemmer av utvalet har dei då stort sett vore rundt på besøk på alle tenestene innafor oppvekst og helse/omsorg. Det har vore nyttig for medlemmene å vera ute i einingane i løpet av perioden dei har engasjert seg i OPOM. I samband med barnehage - og skulebruksplanen besøkte dei alle skular og barnehagar i kommunen.

Det nærmar seg kommuneval og nokre av medlemmene takkar for seg, inkludert utvalsleiar Steinar Skartland. Han kjenner rådhuset godt frå før då han har vore varaordførar og har vore fleire gonger innom som stedfortredar i feriane til ordførar Ole Johan Vierdal. Dette var i førre periode.