Omorganiserer i oppvekst

Frå 1. august endrar Vindafjord kommune styringsmodellen i oppvekst og samfunnsutvikling. To rådgjevarstillingar blir omgjort til barnehage- og skulesjef, logopedtenesta vert auka og i tillegg får kommunen på plass ein etterlengta oppvekstkoordinator. Svein Carlos Nilsen Gjil er tilsett som barnehage- og skulesjef. 

Ellen Marie Hagevik

Alt vert organisert innafor eksisterande ramme der barnehage- og skulesjefen skal ha det overordna resultatansvar for barnehage og skule og personalansvar for barnehagestyrarar og rektorar. Barnehage- og skulesjefen inngår i leiargruppa til kommunalsjefen for rammeområdet oppvekst saman med barnevernsleiar, PPT-leiar, leiar for kultur og læring og oppvekstkoordinator/logoped. 

Intervjuprosessen er gjennomført og Svein Carlos Nilsen Gjil har fått jobben som barnehage- og skulesjef frå 1. august. 

Oppvekst er i dag organisert med tre 1-10 skular, tre 1-7 skular, tre oppvekstsenter (kombinert barnehage og skule) og fire kommunale barnehagar. I tillegg tre private barnehagar. Etter politisk behandling i juni 2022 vil kommunen frå hausten 2023 ha ein kommunal barnehage, truleg seks oppvekstsenter (kombinert barnehage og skule) og tre 1-10 skular, i tillegg til dei private barnehagane i kommunen. Gjennom ny organisering med felles leiing av barnehage- og skuleområdet, ønskjer kommunen å oppnå ein meir heilskapleg tilnærming til opplæringsløpet. 

Omorganiserer i kultur og læring

Kultur og læring har vore organisert fullt ut under kommunalsjef for samfunnsutvikling. Frå 1. august vil dei tenestene som går under opplæringslova bli flytta over til kommunalsjef for oppvekst. Dette gjeld skulebibliotek, kulturskulen og vaksenopplæringa. Den samfunnsretta kulturbiten vil framleis ligga under kommunalsjef for samfunnsutvikling.  

Oppvekstkoordinator - BTI

Med å gjera denne omorganiseringa frigjer ein ressursar til å auka logopedstillinga frå 30 % til 50 %, samt å auka oppvekstkoordinator frå 10 prosent til 50 prosent stilling. Med all satsing på barn og unge som BTI, SLT, Ung Data, oppvekstreforma, kompetanseløftet for spes.ped og inkluderande praksis, folkehelse med meir, er det viktig at kommunen har ein oppvekstkoordinator for å sikra at tenestene «går i takt» med desse nye og viktige satsingane for laget rundt barnet.  

Inger Kathrine Sundve blir vår nye oppvekstkoordinator, samstundes som ho aukar logopedstillinga si frå 30 til 50 prosent.  Sundve vil halda fram som tilsynsmynde for barnehageområdet.

Inger Kathrin Sundve, barnehagefagleg ansvarleg - Klikk for stort bileteInger Kathrine Sundve blir 50 % logoped og oppvekstkoordinator i 50 % frå 1.august. Ellen Marie Hagevik  Kommunalsjefane for helse/omsorg, oppvekst og samfunnsutvikling vil fungera som styringsgruppe for barn og unge.  

God prosess

Det har vore ein god dialog med tillitsvaldsapparatet i prosessen fram mot denne nye organiseringa til det beste for barn og unge i kommunen.